Aam meiner det må vere mogeleg å bytte ut bokmål med nynorsk på skilta.

– Det handlar om kultur og identitet. Vi er nynorskens vogge, seier ordføraren.

Lovprisar målungdomsleiaren

Ordføraren las saka Sunnmørsposten publiserte 26. juli, der leiaren i Norsk Målungdom, Fredrik Hope krev nynorsk på lokale ferjer og kaier. Hope klaga til Språkrådet, og Vegvesenet, som er ansvarleg for riksvegsamband. Språkrådet har i lengre tid kravd at Vegvesenet kjem opp med ein plan, for korleis dei skal fase inn nynorsk. Ein slik strategi har førebels ikkje kome på bordet.

– Det er for dårleg at det har gått så lang tid, meiner Aam.

Han lovprisar at Hope tok jobben med å klage.

Fyrar av i e-post til vegvesenet

Knut Nauste, seinorrådgivar i vegvesenet, argumenterte med at vegvesenet inngår kontrakt med private reiarlag. Desse aktørane kan flytte eller selje ferjene til bokmålsområde. Nauste sa også at mange av skilta er faste installasjonar, som nærast er å rekne som ein del av båtkonstruksjonen.

Som svar på dette, kjem Aam med nokre kraftsalvar, i ein e-post sendt til mellom anna Sunnmørsposten og Statens vegvesen.

«Dette handlar om haldningar, evne og vilje», fyra han av i meldinga.

«Vi ønsker ikkje bortforklaringar om at ferjedrifta er på anbod eller at skilta er permanente. Kanskje er enkelte bokstavar vanskeleg å flytte, men det meste er monterte eller limte skilt», skeiv han. Knut Nauste har ingen ytterlegare kommentarar i samband med nynorsk på ferjene.

Bokmål «Holdes lukked i sjøen» står det på ferja mellom Volda og Folkestad. Her blir altså eit konservativt bokmål nytta, midt i nynorskbastionen Søre Sunnmøre. Foto: Fredrik Hope

Vil gi turistane betre info

Ørsta kommune skal satse ekstra på turisme, med Hjørundfjorden som spydspiss.

«Då må vere medvitne på kva for inntrykk og uttrykk vi gir vidare til gjestane som kjem» skreiv han.

Det er ikkje berre det reint språklege Aam reagerer på.

– På ferja mellom Sæbø og Leknes er det kart over Nordmøre. Kan ikkje det villeie turistar som prøver å orientere seg i området, spør han frustrert.

Til dette svarer Nauste at ferja truleg har operert på Nordmøre tidlegare, og at det burde vere mogeleg å få skifta karta.

Det er verdt å merke seg at slik Språkrådet tolkar mållova, skal også ferjer mellom ein nynorskkommune og ein språknøytral, ha all informasjonen på nynorsk. Det inneber samlege ferjesamband på Sunnmøre og i Nordfjord.

«Holdes lukked i sjøen» står det på ferja mellom Volda og Folkestad. Her blir altså eit konservativt bokmål nytta, midt i nynorskbastionen Søre Sunnmøre. Foto: Fredrik Hope