(Fjordingen): Difor konkluderer Lars Erik Karlsen, vegvesenet sin prosjektleiar for drift og vedlikehald i Fjordane med at fv 60 tidlegast kan bli opna for gjennomgangstrafikk i september.

– Bruene er intakte og vert ståande slik dei er. Så vert det opp til NVE å gjere vurderingar i høve elveløpet, seier Karlsen.

Jens Vinsrygg i Vinsrygg Maskin fortel til Fjordingen at dei er i full gang med å byggje anleggsveg fram til brufundamentet.

– Her har det gått i eitt sidan flaumen tysdag. Vi hadde full dag og vel så det også laurdag og søndag, med unntak av i kyrkjetida, seier Vinsrygg. Sjølv avbraut han ferie i Danmark for å kome seg raskast mulig på plass i Utvik då nyheita om flaumskadane kom.

Då Fjordingen var i Utvik tysdag kveld, køyrde lastebilar skytteltrafikk med stein til den nye anleggsvegen, medan Vinsrygg sjølv la steinen på plass som vegfundament.

Lars Karlsen seier vegvesenet set på dei ressursar dei kan, vel vitande om behovet for raskast mogleg vegopning.

– Når vi no ser at vi må ha nytt brufundament, må vi uansett ta den tida det tek å forskale, støype og herde. I tillegg må vi ha opp ein mur i tilknyting til brua, for å styre vannløpet, seier Karlsen.

Også elles i Utvik er oppryddings- og reparasjonsarbeidet i full gang. Skadeomfanget er enormt, og det vil ta år før alle skadene er utbetra. Totalt vil skadene i bygda truleg beløpe seg godt over hundre millionar kroner.

Saka blei først publisert i Fjordingen.