Tysdag denne veka stod Isac Indreeide langs vasskanten i Heimstevatnet. Med fiskestonga si drog han i land ein storfisk.

– Eg blei litt forskrekka, og eg visste ikkje heilt kva eg fekk, fortel 14-åringen.

Tung fisk

14-åring stod åleine og drog inn fisken. Den vege fem kilo, og Isac trur det er ein ferskvassaure. Han fortel fisken var tung å få i land.

(Saka fortsetter under bildet)

– Vi veit ikkje om det har blitt fiska så stor fisk der før, seier han.

Ivrig fiskar

Etter at Isac hadde fått storfisken opp på land, kom mor Margareth Lossius Bjerke til sonen sin og såg kva han hadde fått sveiva opp.

– Eg blei ganske så overraska. Han ordna alt sjølv, seier ho.

Bjerke er veldig glad på sonen sine vegne.

(Saka fortsetter under bildet)

– Han er aldri fått så stor fisk før. Han er ivrig på fisking, så det var verkeleg fortent. Eg blei svært glad, fortel mor.

Festmiddag

No ligg fisken i frysaren, og skal etter kvart bli til ein festmiddag.

– Vi skal grille den, seier Isac.