(Vikebladet): – Tekniske utfordringar er årsaka til driftsstansen, seier Jørgen Bysveen, regional koordinator for Automatisk trafikkontroll, ATK, i vegvesenet. Ifølgje Bysveen er det ei rekkje samanhengdane hendingar som har ført til den lange driftsstansen.

– Dette visste eg ikkje, seier lensmann Guttorm Hagen, som er einingsleiar for politiet på Søre Sunnmøre.

Jørgen Bysveen viser til at det er eit omfattande arbeid å reparere og oppgradere anlegget i tunnelen.

Mange køyrde for fort

I april 2012 vart det innført såkalla strekningsmåling, eller gjennomsnittsmåling i den nesten åtte kilometer lange undersjøiske tunnelen. Det året vart det hanka inn nesten 900.000 kroner i bøter frå bilistar som hadde køyrt for fort, og to sjåførar mista førarkortet.

Statistikk som Vikebladet Vestposten har henta frå ATK-sentralen, fortel at det også i 2013 og 2014 var mange som køyrde i over 80 kilometer i timen gjennom den undersjøiske tunnelen. Men i 2015 skjedde det noko: berre vel 73 tusen køyretøy er registrert gjennom tunnelen, mot nesten 601 tusen i 2014.

Denne oversikta viser summen av bøter og talet på inndregne førarkort:

År 2012:  897.000 kroner i bøter, 2 inndregne førarkort

År 2013: 1,041.000 kroner i bøter, 8 inndregne førarkort

År 2014:  836.500 kroner i bøter, 18 inndregne førarkort

År 2015: 116.100 kroner i bøter, 1 inndrege førarkort

I 2016 og 2017 har det ikkje vore skrive ut ei einaste bot eller inndrege førarkort på grunn av høg fart i Eiksundtunnelen.

Mange utfordringar

Automatisk trafikkontroll, ATK, er eit samarbeid mellom Statens vegvesen og politiet. Vegvesenet har ansvar for oppsett, drift og vedlikehald, medan politiet skriv ut bøter og inndreg førarkort. Ifølgje Bysveen i vegvesenet har målingane i Eiksundtunnelen støytt på mange utfordringar.

– Det handlar mellom anna om at det er lagt ny asfalt i delar av tunnelen, i tillegg til omfattande oppgradering av anlegget, seier Bysveen.

Kvifor har de ikkje gått ut og informert om at målinga ikkje verkar?

– Ja, det kan du godt spørje om. Men av omsyn til trafikktrygginga, hadde det vore feil å gå ut med når fotoboksane fungerer og ikkje. Boksane har ein god preventiv verknad, seier Jørgen Bysveen.

Uvitande politi

Det er ikkje berre folk flest som ikkje har fått vite at fartsmålinga er ute av drift. Lensmann Guttorm Hagen fortel at han ikkje kjenner til at målinga ikkje fungerer. Jørgen Bysveen i vegvesenet har denne forklaringa:

– Det er ikkje rutine å varsle, heller ikkje lokalt politi, ved mellombels, teknisk driftsstans.

Det er tre målepunkt i tunnelen.

– Bør rettast omgåande

Det var etter ulukka i 2009, som tok fem liv, det kom krav om fartsmåling i tunnelen.

– Vi toler ikkje fleire stygge ulukker i Eiksundtunnelen. Om der er driftsproblem bør feil rettast omgåande, seier Hagen, og held fram:

– Det kan vere tekniske problem som er krevjande å løyse, men problemløysing kan ikkje utsetjast.

Jørgen Bysveen fortel at det er mange instansar som må jobbe saman for å få fartsmålinga oppe og gå igjen. Han reknar med at systemet fungerer igjen i løpet hausten.

– Arbeidet må gjerast på nattetid, der trafikken vert sleppt forbi i kolonne, seier Bysveen.

Guttorm Hagen rår folk til å køyre som om farta vert mål, og seier at politiet patruljerer tunnelen fleire gongar i døgnet, heile veka.

Saka blei først publisert i Vikebladet.