– Vi skulle jo gjerne ønske at dette var varsla, og ser gjerne ein debatt om det. Vi er vant til å stole på meteorologane, og aksepterer at det er vanskeleg å varsle presist for den enkelte stad, seier beredskapssjef Håvard Stensvand hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane til avisa.

Stensvand seier at dei følgde med på Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sine flaumvarsel. Heller ikkje sistnemnde hadde auka varsel for flaumfare over gult nivå. Gult nivå inneber ikkje auking av beredskap.

Les også: Må støype nytt brufundament

Fylka sitt ansvar

Hydrolog Inger Karin Engen i NVEs flaumavdeling seier til VG at det ikkje var nokon indikasjon i varsla frå laurdag og søndag som tilsa at flaumfaren skulle vere korkje gul eller oransje. Ho meiner det er fylka sitt eige ansvar å få med seg OBS-varsla som sendast ut.

– I dette tilfellet skulle fylkesmennene ta omsyn til OBS-varsla, som blei publisert på nettstaden varsom.no, og sendt til abonnentane – og det er deira ansvar å abonnere på desse varsla, seier ho i avisa.

Redd for å rope «ulv-ulv»

– Om vi skulle varsla einsidig på slike enkelt-prognosar i dag, ville kanskje ei bygd blitt evakuert klokka 9, ei ny bygd klokka 12, ei tredje klokka 15 og så kom regnet i ei bygd som ikkje var nemnt, og alle ville hatt ulv-ulv-følelsen hele tida. Det er også i dag vanskeleg å seie kva for ei effekt ei nedbørsmengde vil ha der ho fell. 25 mm på ein time kan gi flaum og skader ein stad, mens 40 mm ein annan stad ikkje blir merka, seier han til VG.

Les også: Flere skademeldinger etter flommen i Sogn og Fjordane

Førebels sender dei berre ut ekstremvêrvarsel når det er snakk om eitt større område enn det prognosen viste.