Onsdag kveld skal Karsten Warholm i aksjon i VM-finalen på 400-meter hekk. VM-finale i friidrett er utvilsamt ein enorm prestasjon. Men er Warholm den beste utøvar frå Sunnmørsposten sitt dekningsområde gjennom tidene?

Gje di stemme og sjå kva andre har stemt til høgre for artikkelen (på mobil til slutt i teksten)

Ein jury frå Sunnmørsposten har tatt ut ti kandidatar. Alle har til felles at dei har vunne Sunnmørsposten sin årlege idrettspris.

Tre av kandidatane er fotballspelarar, fem har gjort det stort innan vinteridrett, éin vart verdsmeister i orientering to gonger i sommar, medan Warholm er den einaste friidrettsutøvaren av kandidatane.

Å samanlikne idrettsprestasjonar er aldri enkelt. Kva er eigentleg størst av å herje med brasilianske fotballspelarar og å ta OL-gull i skiskyting? Eller kva er størst av å vinne Champions League-finalen i fotball og å ha hoppa lengst på ski av alle i verda? Kva er best av OL-bronse i fotball og sju VM-gull i den krevjande orienteringssporten?

Her er kandidatane:

Ann Kristin Aarønes:

Ann Kristin Aarønes med sine trofeer på banketten etter finaleseier 2–0 over Tyskland. Foto: Calle Tørnstrøm / Scanpix

«Anka» er ein av dei mestvinnande fotballspelarane i Norge. Debuterte for landslaget 17 år gamal, då ho framleis spelte for Spjelkavik. Europameister i 1993. Verdsmeister i 1995 då Norge slo Tyskland i finalen. Aarønes blei toppscorar i VM med seks mål. OL-bronse i 1996 etter to mål av Aarønes og siger i bronsefinalen mot Brasil.

Tore André Flo:

Tore André Flo. Foto: Scanpix

Scora 50 mål på 163 kampar for Chelsea mellom 1997 og 2000, mellom anna hat-trick i 6–1 sigeren i lokalderbyet borte mot Tottenham i debutsesongen. Siger i cupvinnarcupen i 1997. Kvartfinale i Champions League i 1998. Toppscorar i 2000, og FA-cupmeister same sesong. Scora mål og skaffa straffe (som Kjetil Rekdal sette i mål) i 2–1 sigeren mot Brasil i VM i 1998.

Bjarne Solbakken:

Bjarne Solbakken etter seieren i Beaver Creek. Foto: NTB SCANPIX

Alpinisten frå Stranda fekk sin einaste siger i verdscupen i super-G-rennet i Beaver Creek 7. desember 2003. Hadde i tillegg tre pallplasseringar i verdscupen, både i utfor og storslalåm. Femteplass i super-G og sjetteplass i storslalåm i OL i 2002.

John Arne Riise:

John Arne Riise har spilt for fleire europeiske lag. (Arkivfoto).

Vann Champions League med Liverpool etter straffesparkkonkurranse og ein utruleg finalekamp mot AC Milan i 2005. Spelte totalt 234 kampar og scora 31 mål for Liverpool mellom 2001 og 2008. Spelte vidare for Roma og Fulham til og med 2014. 110 landskampar for Norge, ingen har fleire.

Tarjei Bø:

Tredjeplass Tarjei Bø i aksjon. Foto: NTB Scanpix

Gjekk kanskje sitt beste renn i karrieren då han vann VM-gull på 20 kilometeren under VM i 2011. Har i tillegg VM-gull på fellesstarten frå 2013. Fem VM-gull i stafett og OL-gull i stafett frå 2010. Vann verdscupen samanlagt i 2011.

Olav Lundanes:

Olav Lundanes. Foto: Scanpix

Tok sitt første VM-gull i 2010 på langdistansen i Trondheim. Gulløpet til orienteringsløparen frå Emblem på langdistanse under VM i 2012 har blitt omtalt som «tidenes langdistanseløp». Vann også VM-gull på mellomdistansen i 2014, på langdistanse og stafett i 2016 og det samme i 2017. Har i tillegg tre VM-sølv i stafett, eitt VM-sølv individuelt og tre VM-bronsar individuelt. To EM-gull og 19 NM-gull.

Anders Fannemel:

Anders Fannemel hopper i Vikersund. Foto: OLE MARTIN WOLD

Har verdas lengste skihopp med 251,5 meter frå Vikersund 15. februar i fjor. Har også hoppa 246 meter og 244,5 meter og har med det tre av dei sju lengste skihoppa i verda. Har vunne to renn i verdscupen. VM-gull i stor bakke frå Falun i 2015. NM-gull i storbakke 2013.

Johannes Thingnes Bø:

Johannes Thingnes Bø Foto: Berit Roald

Yngstebror Bø vann VM-gullet på sprinten i Kontiolahti i 2015 og på fellesstarten i Oslo i 2016. Har VM-gull i stafett frå 2016 og VM-sølv frå stafetten i 2015. Har tre individuelle sølvmedaljar frå VM. 12 førsteplassar i verdscupen.

Nina Løseth:

Nina Løseth. Foto: Cornelius Poppe NTB/Scanpix

Vann sitt første renn i verdscupen i slalåm 5. januar i 2016 då ho i Santa Caterina i Italia smadra konkurrentane og vann med 1,12 sekunds margin til andreplassen. Har i tillegg seks pallplasseringar i verdscupen.

Karsten Warholm:

Karsten Warholm gliste godt etter semifinaleløpet i VM. Foto: David J. Phillip / AP / NTB scanpix.

Vann ungdoms-VM i åttekamp (2013), vann gull i U23-EM på 400 m hekk i år, kom til semifinalen i Rio-OL på 400 m hekk i fjor, og er i finalen i senior-VM i London no. Har smadra dei norske rekordane både på 400 m og på 400 hekk, og vann Kongepokalen i senior-NM i friidrett både i 2015 og i 2016. Har seks individuelle NM-gull i friidrett for seniorar, sjølv om han berre er 21 år.

Juryen: Gunnar Lorgen, tidlegare sportsjournalist i Sunnmørsposten. Helge Skuseth, sportsleiar Sunnmørsposten. Sindre Halkjelsvik, nyheitsredaktør og medlem i juryen for Sunnmørspostens idrettspris.