Natt til torsdag melder politiet i Møre og Romsdal om at fleire er tekne i å køyre for fort på Ørskogfjellet.

16 bilførarar fekk forenkla førelegg, medan to køyrde så fort at dei mista førarkortet. Høgste fart var målt til 123 km/t.

Sula og Gjemnes

Politiet i Møre og Romsdal melder også om trafikkontroll på fylkesveg 61 ved Eikrem i Sula, der det også blei teke eit førarkort på grunn av for høg fart.

Litt lenger nord i fylket, i Gjemnes tok UP hadde UP kontroll i 90-sona på E39 , der dei tok heile fire førarkort onsdag kveld.

Ropte på hund

På politiloggen blir det også meldt om at to personar er sette i arrest på grunn av slagsmål og ordensuro i Ålesund natt til torsdag.

Og på Larsnes fekk politiet melding om rop og skrik over lang tid. Dei møtte på ein mann som leita etter eigen hund. Han fekk hjelp av politiet og etter kvart gjekk både mann og hund til ro.