(Fjordingen):– Stopp reparasjon av den gamle brua. Få på plass midlertidig bru og bygg nye med større lysopning.

– Utvik ser mykje verre ut enn eg hadde trudd, sjølv etter å ha sett alle bileta i media dei siste par vekene. Det som skjedde flaumnatta kan skje igjen. Difor er det samfunnet sitt ansvar å sikre bebuarane i Utvik. Det gjer vi ved å byggje nye bruer som er dimensjonerte både for å ta ein ny storflaum, og som er dimensjonerte for dagens trafikk. Utvikfjellet skal og vere ein trygg veg etter at tunnelen gjennom fjellet er komen på plass.

Det er Liv Signe Navarsete sin klare bodskap etter å ha gått ein runde i Utvik torsdag kveld for å sjå skadane og ikkje minst snakke med folk. Initiativtakar for å få Navarsete til Utvik var partikollega Jofrid Rye Hestenes som sjølv bur i Utvik.

«Bruene må rivast of erstattast»

Ho ville gjerne ha den tidlegare statsråden til å sjå og høyre, for at ho i neste omgang kan bruke sine kanalar og påverkingskraft for å hjelpe Utvik til å få framtidsretta løysingar.

Kravet frå Utvik er i følgje Rye Hestenes klart: Dei gamle bruene i svingane på fv 60 må rivast og erstattast med nye. For å få til det, må det snarast kome på plass midletidige bruer som og gir god trafikkflyt gjennom bygda for all transport.

– Berre flaks at det ikkje gjekk liv

Liv Signe Navarsete seier til Fjordingen at ho fredag vil sende brev frå Stortinget til olje- og energiministeren der ho utfordrar han på kravet om nye bruer. Det betyr at statsråden må gje svar komande veke.

– Så har eg vore og vil vere i kontakt med våre fylkespolitikarar for å gje klare signal om kva som er nødvendig. Vi kan ikkje løpe den risikoen at folket i Utvik kan bli utsette for ein tilsvarande situasjon ein gong til. Det var berre flaks at det ikkje gjekk liv eller vart personskade denne gongen. Men Utvik ser likevel ut som ei slagmark, med svært store øydeleggingar. Difor må samfunnet ta ansvar og byggje opp på rett måte, med betre dimensjonering av bruer, lysopningar og elveløp, seier Navarsete.

Saka blei først publisert i  Fjordingen.