Havila Shipping, som har vore gjennom omstrukturering og refinansiering, leverte følgjande halvårsresultat i 2017:

Totale driftsinntekter var 288,6 millioner kroner, medan driftskostnader enda på 256,8 millioner kroner i første halvår, i følgje ei børsmelding.

At resultat før skatt enda på 642,4 millioner kroner, mot -57,1 millioner i samme periode i fjor, skuldast nok refinansiering og innløsing av gjeld til underkurs.

I andre kvartal enda driftsresultatet før skatt på - 105,1 millioner kroner (mot - 86,8 millioner 2.kvartal 2016).

Rederiet hadde 26 fartøy som driftes pr. 30.06.2017.

23 fartøy blir operert fra Fosnavåg, eitt for ekstern eigar. Tre fartøy blir operert av Posh Semco Pte Ltd i Singapore. Som følgje av restruktureringa forventar ein at desse fartøya vert solgt og det 50% eigde selskapet Posh Havila Pte Ltd er under avvikling. Eitt av Posh-skipa blei seld i april 2017.

Konsernet hadde 7 fartøy i opplag ved inngangen til 2. kvartal, herav 5 PSV og 2 AHTS. I tillegg blir eit subsea fartøy markedsført for nye oppdrag etter endt kontrakt. To PSV fartøy er tatt ut av opplag i løpet av kvartalet.

Flåteutnyttelsen  i 2. kvartal 2017 var på  64 % eksklusive fartøy i opplag.

- Botnen er nådd

- Til tross for tunge tider i offshore klarer Havila Shipping ASA å nå auka aktivitet i 2. kvartal. Selskapet klarer å halde seg på forutsetningene som er lagt i restruktureringsplanen, skriv selskapet i ei pressemelding tirsdag.

Administrerende direktør Njål Sævik i Havila Shipping ASA meiner aktivitetsnivået har passert botnen, men mange fartøy i opplag gjer det usikkert kor raskt auka aktivitet gjer positivt utslag i inntjeninga.

- Vi er i same båt som andre offshore-rederier. Tala etter første halvår fortell heilt klart at dette ikkje er ein lønnsam bransje for tida. Eg har tru på at det vil endre seg. Eg er sånn sett nøgd med at vi fekk på plass ei refinansiering ved årsskiftet, som gir oss fast grunn under føtene, påpeiker Sævik.