Ole Andreas Skår (22), fødd og oppvaksen i det han sjølv beskriv som den nest minste bygda i Herøy, Kvalsvik, er manager i ein sport som har over hundre millionar fans. Og nei, det er ikkje fotball. Vi snakkar om e-sport.

Åpner for å gjøre dataspill til OL-øvelse

Pratesjuk

Men han har spelt fotball, og er ifølge seg sjølv ein skikkeleg fotballidiot, den dag i dag.

– Fotball var livet mitt frå eg var ti år. Eg spelte aktivt sjølv, og eg kunne det meste om fotballen si historie, og følgde med på alle ligaer, samt at eg spelte alle fotball- og managerspel.

Vi møter han i Fosnavåg, på ein solrik sommardag, og slår oss ned på det lokale konditoriet.

Lagspel

Etter å ha leikt med tanken om å dra på sjøen, ein tanke han snart slo frå seg, tok han påbygging på vidaregåande. Det var då han oppdaga dataspelet «League of Legends.»

– Dei var då komne til sesong fire av «League of Legends.» Dette spelet fungerer akkurat som fotball. Det er ein ny sesong for kvart år.

«League of Legends» fungerer slik at to lag spelar mot kvarandre. Kvart lag har fem spelarar, som kan sitte kvar som helst i verda, fordi alt blir spela online.

Dei to laga skal då forsøke å øydeleggje basane til kvarandre, som ligg på ei bane.

Kvar karakter har ulike eigenskapar som blir brukt for å forsøke å vinne over motstandaren. I tillegg finst det treningsbaner for å legge strategiar og for å trene.

Ein må halde seg oppdatert

– Hemmelegheita er å klare å sette saman eit bra lag. Rett og slett det å finne dei spelarane ein trur kan fungere for laget ein har ansvaret for.

– – Dette er langt vanskelegare å følge med på, enn fotball, for der er 120 ulike karakterer, som har 5 ulike eigenskapar kvar. Og dette endrar seg kvar veke, så ein må heile tida halde seg oppdatert.

Velkommen inn i Bårds virtuelle virkelighet

Som ein fotballmanager

Og det er her Ole Andreas kjem inn. For sjølv om han sjølv spilte i norsk 2. divisjon av «League of Legends,» innsåg han

fort at talentet han hadde var som manager. Det å finne dei riktige spelarane for laga han har ansvaret for.

– Eg er rett og slett manager, akkurat som ein fotballmanager.

– Så det er andre som spelar, mens du vel ut kva for karakterar frå spelet som skal vere med på laget og legg opp strategien?

– Nei, det er trenaren sin jobb. Dette fungerer akkurat som fotball. Ein har spelarar, trenarar og managerar.

– Så din jobb er å kjøpe og selje spelarar?

– Omtrent. Jobben min er å bygge lag, ta meg av det administrative, sørge for at alle har det bra og bygge nettverk og bli kjent med folk. Det var det som appellerte til meg med dette spelet, for det er som fotball. Og det er nok hovudgrunnen til at eg tok det så fort. Dette var kjent for meg, sjølv om eg ikkje visste noko om «League of Legends.»

Ekte menneske

La ein ting vere klart: Ein snakkar her om fysiske spelarar. Ekte personar som sit rundt i verda. Så Skår kjøper og sel ikkje fiktive spelkarakterar, han kjøper og sel spelarar av kjøtt og blod.

I august 2015 opererte Ole Andreas halsen. Som ein rastlaus og aktiv person var det for kjedeleg, og han sette seg då ned og sette saman sin eigen klubb i «League of Legends.»

Han tok kontakt med eit lag som spelte opprykkskamp til norsk 3. divisjon. Han drog då med seg dei spelarane til ein klubb i 2. divisjon, og spelte seg til Telenor-ligaen, som er den øvste divisjonen.

Telenor satsar

Det er nettstaden gamer.no som organiserer dette i Norge, og Telenor sponsar ligaen med 10 millionar kroner over dei neste fire åra.

Ligaen består også av spela Counter-Strike, Hearthstone, Overwatch og Rocket League. Ein førsteplass gjer at vinnaren kan innkassere inntil 30 00 kroner.

Hundre millionar

På verdsbasis er e-sport enormt, og tilhengarskaren er på over hundre millionar fans. Dei største sportsklubbane i verda har begynt å tilsetje eigne e-sportsspelarar, og i Norge har Viking skrevet kontrakt med sin første spelar, 15-årige Alexander «Sledne» Helle Sivertsen, som spelar FIFA.

– Det er ei veldig interessant utvikling, og dei beste spelarane har dette som levebrød, seier Ole Andreas.

– For internasjonalt er pengepremiane store og ein får sponsorpengar.

Sel ut stadion

Når det blir arrangert turneringar kjem det nok folk til å fylle store arenaer, som Madison Square Garden der billettane gjekk unna på 30 minutt.

Då Ole Andreas var på EM i Stockholm var salen fylt med 8.000 jublande fans. I tillegg følger millionar turneringane via direkteoverføring på nettet.

– Så dei sit og heier og jublar som om det var ein basketkamp?

– Ja, men i e-sport heier folk på alle laga. Ein har sjølvsagt sine favorittar, men det er ikkje dette fiendskapet ein ofte ser i fotball. Det er utruleg fin og god stemning blant folk. Det er herleg.

Vil finne talenta

Sjølv har han ikkje tenkt å gå 100 prosent profesjonelt. Til hausten begynner han som lærar på Nordmøre folkehøgskole der han skal undervise i nettopp e-sport.

– Det passar fint med det eg satsar på no. Eg er meir oppteken av å løfte fram nykommarar og talent enn å satse så mykje på min eigen karriere. Dei pengane eg har tent har eg investert i mine eigne lag.

Kjapp i hovudet

Han har også tenkt å reise rundt og snakke mykje om e-sport.

– Vi ligg etter i Norge, og mange blir svært overraska når eg snakkar om kva eg held på med. Mange trur det dreier seg om ungdommar som sitt heime, etter å ha droppa ut av skulen, utan å gjere noko ut av liva sine.

Dette er ikkje Ole Andres einig i.

– For å delta i denne sporten må ein vere i god form, ha kjappe refleksar og vere klar i hovudet. I tillegg må ein motverke det å sitte så mykje i ro. Under turneringane sit ein ofte fem timar i strekk. Så dei flinkaste trenar også fysisk hardt. Og drikk vatn! Kutt ut energidrikken!

Men han er klar på ein ting:

– Akkurat som sjakk er ikkje dette ein idrett. Det er ein sport, men ikkje idrett.

Ung snittalder

Det er likevel hardt og krevjande å vere med på å konkurrere i e-sport.

– Snittalderen i «League of Legends» er ganske låg. Er du typ 24 år, blir du rekna som gamal. Det kjem no så mange unge spelarar som har drive med dataspel heile livet, at ein skal ikkje langt opp i åra før ein byrjar å henge etter. Og sidan ein må halde seg i fysisk god form har også dei unge ein fordel.

Kanskje e-sport likevel er meir idrett enn folk i utgangspunktet trur?

Dataspill blir egen øvelse under Asia-lekene

E-sport har millionar av fans over heile verda, og publikum fyller opp arenaer. Her frå VM i spelet Dota 2 onsdag 9. august i Seattle. Foto: Elaine Thompson/AP
Ole Andreas Skår seier at foreldre ikkje må vere bekymra over at unge speler mykje. – Gå i dialog med dei. Men hugs: Alt med måte. E-sport inneber også fysisk aktivitet for å bli god. Foto: Hogne Bø Pettersen