Frank Sve (Frp), som hadde invitert statsråden til Nordvestlandet no i valkampen, sa at Nordøyvegen neppe hadde blitt vedtatt utan at samferdselsministeren hadde handla så raskt då det butta imot og dei måtte redusere stigninga i tunnelane.Og Solvik-Olsen brukte store ord tilbake.

- Nordøyvegen er særdeles viktig for regionen her både på kort og på lang sikt, sa ministeren.

- Med fastlandssamband blir det mykje enklare for gründerar og for næringslivet å få til utvikling, sa ministeren, som trur trafikkveksten blir større enn det Vegvesenet har rekna ut.

Mogleg med norsk entreprenør

Om eit halvt år blir det store prosjektet sendt ut på anbod.Solvik-Olsen og la lite skjul på at han håper ein norsk entreprenør kjem med det beste anbodet.

- Så langt i år har ikkje eitt vegprosjekt gått til utanlandske entreprenørar. Vi ser at norske entreprenørar er konkurransedyktige og at dei klarer svære kontraktar, sa ein fornøgd samferdselsminister.

Halde kostnadene nede

Fleire gonger sa han at det er svært viktig å halde kostnadene nede, også etter byggestart, for ikkje å setje framtidige vegprosjekt i fare.

Meir enn ein gong har norske vegprosjekt blitt langt dyrare enn budsjettert. Betre planlegging før byggestart er no innført, sa Solvik-Olsen.

Spørsmål frå salen

Då det vart opna for spørsmål frå salen, vart det sagt at den smale vegen mellom Austnes og Longva bør rustast opp, slik at den kan ta unna den auka trafikken. Ein stad er ikkje denne vegen breiare enn tre meter, og vegen toler ikkje tunge vogntog, meinte lokalpolitikar Anders Fjørtoft (Frp).

Frank Sve tok ordet og sa at dette nok er eit spørsmål som presser seg fram.

- Trafikken vil auke, ting vil presse seg fram, men det er fylkeskommunen som bestemmer, sa Sve.Så la han til at vegprosjektet er overfinansiert med rundt ein milliard kroner, og at dette opnar for moglegheiter.

- Blir dei undersjøiske tunnelane av same standard som den nye Ljøtunnelen?

- Ja, var svaret.

- Blir delar av Nordøyvegen opna tidlegare enn 2023?

- Nei, det blir ei stor opning, svarte prosjektleiar Marianne Nærø.

Etter 50 minutt måtte møtet avbrytast slik at Solvik-Olsen kunne rekke ferja tilbake til fastlandet.