Tre austeuropeiske menn er varetektsfengsla i fire nye veker, sikta for overfallsvaldtekt av ei kvinne på søre Sunnmøre i juli. Det melder NRK Møre og Romsdal. Alle tre er ilagt brev- og besøksforbod. Berre ein av dei har vedgått av han var på staden, men ingen av dei vedgår valdtekt.