Regjeringspartiet stilte med statsrådstrioen Siv Jensen, Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale i møte med lokalt næringsliv i Ulstein. Det er ingen tvil om det er viktig å vinne Vestlandet i valet.

Vestland, Vestland

– Vestlandet blir viktig, stadfestar partileiar og finansminister Siv Jensen overfor Sunnmørsposten.

– Det er tid for å mobilisere no, seier Dale til Sunnmørsposten. Han har god tru på for sin eigen del å få attval til Stortinget, og at partiet held fram i regjering. Han trur også at ein kan få til eit fleirtalssamarbeid liknande det ein har i inneverande periode.

Under besøket fredag viste Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp) statsrådane rundt i kommunen og snakka varmt om samarbeid mellom private og det offentlege, og kor viktig det er å ha lokale ansvarlege eigarar. Statsrådane fekk mellom anna sjå Ulsteinhallen.

Val 2017: Les fleire saker om stortingsvalet

Skatt, og skatt

I forkant av rundturen hadde statsrådane møte med lokalt næringsliv, mellom anna med konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group. Ho streka under kor viktig det er å behalde lokalt eigarskap, og korleis formuesskatten dempar utvikling. Ho skrytte av regjeringa:

Ulsteinvik Frå venstre: Siv Jensen, Sylvi Listhaug, Jon Georg Dale, konsernsjef Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group og administrerende direktør i Ulstein Shipping og Njål Sævik, administrerende direktør i Havila.

– Denne regjeringa har gjort ein god jobb i særdeles vanskelege tider for Vestlandet, seier Ulstein til Sunnmørsposten. Spesielt set ho pris på alle dei bedriftsbesøka statsrådane har hatt på Sunnmøre.

– Dette er svært viktig for oss, seier Siv Jensen og Sylvi Listhaug til Sunnmørsposten.

– Vi må komme oss ut av kontora i Oslo og snakke med folk i verksemdene. I gode tider og i dårlege tider. Då veit vi meir kor skoen trykkjer, seier Jensen.

– Det er veldig viktig å behalde sterke verksemder med lokalt eigarskap, seier Sylvi Listhaug.

Ho meiner formuesskatten gjer dette vanskelegare, og at skatten er konkurransevridande i høve utanlandske eigarar.

Solvik-Olsen i Brattvåg: Sa nei til Romsdalsaksen