(Morenytt.no): Framstegspartiet sine fylkestoppar er på Søre Sunnmøre i dag, saman med partileiar Siv Jensen. Dagen byrja med bedriftsbesøk på Vartdal Plastindustri.

Lovnad

Under eit kort stopp utanfor Lånekassen sitt kontor i Ørsta kom Listhaug og Dale med ein lovnad om fleire arbeidsplassar ved Lånekassen. Dei meiner dei sjølve har ein god del av æra for at dette kontoret i vinter vart berga frå nedlegging.

Ut frå Oslo

I staden for å leggje ned vil Frp styrkje kontoret i Ørsta.

– Vi har tidlegare bidrege til at Lånekassen får halde fram her i Ørsta. Framover skal Lånekassen flytte ut 30-35 arbeidsplassar til frå Oslo. Då er Ørsta ein av stadane som er aktuelle. Og for oss er det viktig å jobbe for at dette skal vere staden der vi kan oppbemanne, seier Sylvi Listhaug.

– Ørsta står sterkt

– Kor mange fleire kan det bli i Ørsta?

– Først må vi sjå kor mange som skal flyttast ut. Skal det bli fleire nokon plass, skal det skje her, eller i Bergen eller Trondheim. Vi meiner Ørsta må prioriterast sidan Bergen og Trondheim har mange statlege arbeidsplassar frå før, medan Møre og Romsdal ligg veldig lågt, seier Listhaug.

Jon Georg Dale, som er Frp sin andrekandidat i Møre og Romsdal meiner Ørsta står sterkt i konkurransen om dei 30-35 arbeidsplassane som truleg skal ut av Oslo.

Denne saka ble først publisert på morenytt.no.