Den oransje T-skjorta med teksten «Student supporter» fortel tydeleg at Rolf Viddal er ein studentvenn. I 30 år har han vore på lag med studentar som har kome til Ålesund.

– Det er ein variert jobb. Her treffer ein stadig vekk mykje kjekke folk. Og vi har eit godt kollegium, med lite gjennomtrekk, seier Rolf om grunnen til at han har valt å vere så lenge i same jobben.

300 tilsette

Studentsamskipnaden er studentstyrt, men har fleire tilsette. Dei administrerer hyblar og leilegheiter, dei driv bokhandel, studenthus og helsetilbod. Dei gir også økonomisk støtte til lag og organisasjonar som studentane driv.

Då Rolf Viddal som nyutdanna i 1986 fekk jobben i Stiftelsen Studentheimane i Volda, handla det om å drifte hundre studentbustader på Volsdalsberga i Ålesund. Og han skulle også jobbe med studentvelferd i Ålesund, heilt åleine.

– Eg har vore med på heile reisa, frå vi overtok eit konkursbu med 100 bustader, til at vi no er eit konsern med over 300 tilsette med ein omsetnad på rundt 600 millionar kroner, seier Rolf som har jobba i samskipnaden alle desse åra, berre avbrote av eitt år permisjon for å jobbe som rådgjevar med ansvar for opptak ved Høgskolen i Ålesund. Som gift med ein lærar blei det for mykje jobbing om sommaren så han valde å gå tilbake til samskipnaden.

Trivsel for studentar

I fjor blei Høgskolen i Ålesund ein del av NTNU. Avdelinga til Studentsamskipnaden for Sunnmøre i Ålesund, som før var saman med Volda, følgde etter.

– Vi har fått gode støttespelarar i Trondheim. Det er ein profesjonell organisasjon, og vi er blitt godt inkludert, seier Rolf.

Namnet «Sit» var godt innarbeidd, men står no for Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim.

– T-en i Sit står i alle fall ikkje for Trondheim. Det er liten t, seier Rolf. Namnet er også heilt underordna når ein jobbar med studentvelferd:

– Det viktigaste er at studentane trivest. Vi skal mellom anna gi dei bustader og mat, men det viktigaste er at dei har det trygt og godt når dei er her, seier Rolf.

Mottoet er «Henrykte studentar» og det er sterkt fokus på at studentane er tilfreds.

Kontakt med alle

– Eg prøver å ha kontakt med dei fleste. Eg snakkar ikkje med alle, men til alle, og fortel kva vi kan tilby, seier Rolf og fortel at Sit har stort fokus på helse og bruker spesielt mykje pengar på psykisk helse.

I Ålesund har ein knytt til seg eit privat psykologkontor, men i Trondheim har samskipnaden tilsett fleire eigne psykologar.

Og det blir jobba mykje med å førebyggje problem. Rolf held sjølv meistringskurs for grupper av studentar. Og studentane får også tilbod om ein-til-ein-samtalar.

– Viss nokon seier dei vil slutte, tek eg ein prat med dei. Dei skal i alle fall ikkje slutte før dei veit at det er eit godt val.

Nasjonale trivselsundersøkingar viser at oppimot 20 prosent av studentane slit psykisk.

– Det talet skal vi ha ned! Vi veit at viss studentane trivest på studiestaden og har eit godt sosialt liv, då går det stort sett betre.

Meir aktivitet

– Korleis har ting endra seg i løpet av desse åra?

– Eg var ung då eg starta, og det er eg ikkje lenger. Om det er studentane eller eg som er forandra, det veit eg ikkje, men det er nok begge deler, smiler Rolf og trekkjer fram nokre forskjellar.

Mellom anna er kravet til standard på bustad auka. Det er blitt fleire studentar, og meir aktivitetar. Studentsamfunnet blei starta i 1986/87 og opp gjennom åra har det blitt lagt ned mykje frivillig innsats blant studentane.

I dag kjem fleire til høgare utdanning, som før ville ha valt arbeidsliv. Og når Rolf har samtaler med studentar som slit, spør han alltid om dei studerer der frivillig eller om det er nokon andre som krev det.

– Viss du utdannar deg til eit yrke, så må du trivast med det du gjer, elles blir du fort utbrent. Du må ha det kjekt på jobb, elles får du problem, seier han.

Handball for Rollon

Sjølv begynte Rolf å studere i Bergen, men så flytta Anne Vibeke som han no er gift med, til Kristiansand for å utdanne seg til lærar.

– Og eg begynte å studere i Molde, fordi eg trudde ho skulle gå i Volda. Vi heldt liv i Braathens Safe desse åra, seier Rolf som studerte offentleg administrasjon- og organisasjonsvitskap i Bergen og økonomi og administrasjon i Molde. Seinare har han teke vidareutdanning i eksportmarknadsføring og i rettleiing.

I oppveksten var Rolf ein habil handballspelar.

– Det begynte i plana på Aspøyskolen, så blei det Rollon. Vi var eit godt gutelag og tapte ikkje på tre år!

Han spelte også på kretslag, og på BSI då han studerte i Bergen. Eitt år spelte han også på Herd. Seinare har han vore med i veteran-NM:

– Men vi gjorde det ikkje noko godt, og vi fann ut at vi må trene meir aktivt viss vi skal vere med fleire gonger, men det var gøy!

Aktivt friluftsliv

Rolf vaks også opp med friluftsliv og foreldre som var aktive i turistforeininga.

– Eg trur ikkje eg var heime ei helg i oppveksten. Vi var på tur heile tida, fortel Rolf som sjølv har vore med både i hyttestyret og i styret i ÅST, Ålesund-Sunnmøre Turistforening.

I 1994 kjøpte Rolf og Anne Vibeke ein gammal og nedsliten gard på Lauvstad, på sørsida av fjorden i Volda.

Garden, som har fleire bygningar, har dei pussa opp i bolkar.

– Lauvstad var tilfeldig, men seinare har vi funne ut at søskenbarnet til kona ættar frå denne garden. Nokre av mine forfedrar er også frå området, fortel Rolf.

Familien ville ha ein plass vekke frå byen og har vore mykje på Lauvstad opp gjennom åra.

– Vi har over 60 overnattingar der i år, men har vore oppi 140 på det meste på eitt år. Vi er blitt godt kjent med mange i bygda og trivest godt. Vi har vore både i konfirmasjonar og bursdagar der, fortel Rolf.

Det er to ferjer for å kome seg dit, men plassen er så fin at det veg opp for reiseavstand.

Her går dei på flotte toppturar, både sommar og vinter. Området byr også på fine fiskevatn for det aktive ekteparet.

– Vi har hatt ein aktiv sommar og vore mykje på tur. Beltet er blitt stramma inn etter sommaren, smiler Rolf og fortel om flotte turar blant anna til Romsdalseggen og til Trollheimen. Saman med ni andre gjekk dei den såkalla Trekanten, som er ein populær og flott tur i Trollheimen.

Bygde sitt eige hus

Rolf har også engasjert seg som tillitsvald. Han sit i landsstyret i Norsk Tjenestemannslag, som har rundt 50.000 medlemer. 1000 av dei jobbar i ulike studentsamskipnader rundt om i landet. Han er også vara til styret i Studentsamskipnaden på landsplan.

– Korleis får du tid til alt dette?

– Det veit eg ikkje om eg får, men eg får dårleg samvit av ting eg skulle gjort meir av, så eg må velje vekk noko. Så lenge det er kjekt, er det ikkje lett å velje vekk.

Rolf er ekte ålesundar, i tiande generasjon. For ein som vaks opp i O.A. Devolds gate midt i byen, var det langt å flytte til Volsdalen. Men no trivest han godt.

– Det er ein fantastisk plass å bu med gangavstand både til jobb og til byen, seier Rolf som også gler seg over at barnebarnet bur i nærleiken. Guten begynner på skulen no, og besteforeldra hjelper gjerne til når det trengst.

Fagforeiningsmannen Rolf fortel at det ikkje er økonomisk lukrativt å jobbe med studentar.

– Difor bygde eg også huset sjølv, smiler han.

Saman med faren, som no er død, bygde han huset i Volsdalen på to år. Faren var i mange år vaktmeister i Sunnmørsposten og var det ein i dag kallar ein «handy-man». Rolf og faren jobba på huset frå fem til ti kvar einaste ettermiddag og kveld, med unntak av søndag.

– Når far min ikkje kunne vere med meir, så hadde eg snappa opp så mykje lærdom at eg kunne halde fram sjølv, fortel Rolf.

På Lauvstad har dei leigd folk til restaurering av hovudhuset, men sjølv gjort det meste med golv, vegger, panel, muring, pussing og flislegging.

To grindløer står for tur. Dei er ikkje verna, men er viktige for miljøet på garden.

På Lauvstad slappar dei godt av og tek ofte med vener. Med ein slik eigedom kjøpte dei seg også mykje arbeid.

– Men vi har heile tida sagt at det ikkje skal vere nokon arbeidsleir. Vi har teke litt etter kvart og nokre store løft innimellom. Men arbeidet blir ikkje ferdig i min generasjon, viss vi då ikkje vinn stort i lotteri!

Bildetekst: Dette er ei bildetekst som kan gå over tre linjer som her. Foto: Marius Simensen
Pyttbua: Rolf har vore på Pyttbua i mange helgar og feriar, og var med i hyttestyret i fleire år saman med faren. Her frå påska i år med kona Anne Vibeke. foto: Privat Foto: Privat
turterreng: Ved ÅST-hytta Pyttbua i Rauma kommune er det flott turterreng både sommar og vinter. Rolf likar godt å gå på ski, og tek gjerne ein topptur. Foto: Privat Foto: Privat
Lauvstad: Rolf og Anne Vibeke har brukt mykje tid på Espegard på Lauvstad og er blitt kjend med mykje folk der. Her frå ei samling med folk frå bygda. foto: privat Foto: Privat
studiestart: Denne veka blei studieåret 2017/18 starta opp, og rundt 2.400 studentar er i gang med studiane. Rolf prøver å kome i kontakt med dei fleste. Foto: Marius Simensen