– Forsking viser at det aller viktigaste for å ha det bra som skeiv på bygda ikkje handlar om sjølve staden ein er på, men om kven man har rundt seg. Har ein støtte og tryggleik i sin nære krets, i familien, på skulen og i møte offentlege tenester, er det ikkje vanskelegare å vere homofil, transperson eller bifil på bygda enn det er i ein by.

Forskinga ho refererer til er rapporten ”Skeiv på bygda” som KUN, Senter for kunnskap og likestilling, publiserte i 2015.

Dette fortel Hilde Enger Arntsen, som jobbar som rådgjevar i foreininga FRI. Måndag var ho i Volda og deltok på to arrangement om det å leve som lesbisk, homofil, bifil og transperson på bygda. Tilhøyrarar i kafeen Det grøne treet fekk høyre delar av hennar historie frå oppveksten i ei bygd på Austlandet.

Einig med Gud

– Etter at eg hadde fullført grunnskulen, hadde vi berre éin gong snakka om at folk kunne vere noko anna enn heterofile.

Derimot fekk Hilde høyre mykje om at det ikkje var foreinleg å vere skeiv og kristen.

– På kristne sommarleirar fekk eg høyre om folk som var blitt helbreda for dei «gale kjenslene». Eg følte skuld fordi eg ikkje greidde å bli helbreda, fortel Hilde, som ikkje har mista gudstrua.

– Eg bruker å seie at det at eg er lesbisk aldri har vore noko problem mellom meg og Gud.

For dette er noko Hilde alltid har visst om seg sjølv.

Allereie seks år gamal kan ho hugse at ho teikna strekar under senga – ein strek for kvar jente ho var forelska i.

– Eg trudde det var noko gale med meg som eg ikkje kunne snakke om. Eg fekk eit destruktivt syn på kven eg var og trengde hjelp til å bli god mot meg sjølv. Dessverre opplevde eg då at mange av dei profesjonelle ikkje turte eller ville snakke om hovudsaka: at eg trudde det var noko gale med meg fordi eg forelska meg som eg gjorde.

Leste du denne? Håvard er verkelegheitas Skam-Isak

Rosa kompetanse

I dag er Hilde 29 år og «godt gift med kone og katt». Ho har eit godt liv i dag, blant anna fordi ho kan få leve i tråd med kven ho er. Gjennom FRI, Foreining for kjønns- og seksualitetsmangfold, jobbar ho no med kompetanseheving av skuletilsette. FRI har utvikla det dei kallar Rosa kompetanse, eit fagmiljø som tilbyr fagleg bistand og undervisning om kjønns- og seksualitetsmangfold til helsevesenet, barnevernet, skolesektoren, barnehagen, politi- og påtalemakt samt bedrifter.

Heldigvis hadde Hilde ein spesiell person i sin nære krets som forstod henne.

– Bestemora mi var ei uvurderleg støtte i prosessen med å komme ut. Ho sa: «Hilde, eg har alltid vore glad i deg – men no er eg det enda litt ekstra, for eg trur du vil trenge det ei stund.» I mitt tilfelle var det riktig.

Sjanse i begge leirar

Å vere denne eine, hjelpsame, på andre sida av bordet, er noko Yvonne Wold har opplevd. Ho er førstekandidat for Møre og Romsdal SV, og deltok også på arrangementet i Det grøne treet måndag. I mange år har ho jobba som rådgivar i vidaregåande skule på heimstaden Åndalsnes.

For mangfald Yvonne Wold vil ikkje vere med på at SV kuppar homosaka. – Nei, for meg handlar det om eit ønske om likeverd, seier SV-politikaren.

Måndag kveld fortalde ho tilhøyrarane om eitt av møta ho har hatt med unge som slit med kjønnsidentitet. Over ein lengre periode hadde ho ein gut til rådgiving som hadde det tøft.

– Då han kom til meg første gongen, sleit han med sjølvtilliten, hadde eksem, hadde begynt å feste litt for mykje og greidde ikkje å konsentrere seg om skulearbeidet.

Etter mange rådgivningstimar fortalde guten at han trudde han var homofil.

– Eg var til stades då han sa det til foreldra sine. Han hadde grudd seg, men dei tok det heilt fint. Dette er ei stund sidan, men nyleg fekk eg ei melding frå han på Facebook. Der skrev han at han var så glad for alle rådgivningstimane vi hadde hatt i lag. No følte han seg som verdas lykkelegaste mann fordi han hadde funne ut at han var bifil – og hadde sjanse i begge leirar.