Det skal heile tida ha vore klart at det ikkje er folk i bustaden.

Det var lite synlege flammar men høge temperaturar. Det skapte store problem for brannmannskapet som forsøkte å sløkke. Lenge forstod dei ikkje kva som var arnestaden til brannen. No kan det sjå ut som at brannen kanskje har starta i kjellaren.

- Vi har kontroll, og driv no med ettersløkking, seier 110-operatør Paul Ola Vestre.

Han fortel at det har brent igjennom frå kjellaren og opp til hovudetasjen i bustadhuset.

Kraftig røyk

- Det er konstatert at det ikkje er folk i huset, men det brenn framleis kraftig, og brannen er ikkje under kontroll. Evakuering av naboar er det ikkje tatt stilling til, men det er kraftig røyk i området, sa operasjonsleiar Arild Reite ved Møre og Romsdal politidistrikt til Sunnmørsposten like før klokka 16.

Ein time seinare hadde brannmannskapet framleis ikkje kontroll.

- Brannen er i ferd med å spreie seg til hovudetasjen, sa 110-operatør Paul Ola Vestre like før klokka 17.

- Eit brannmannskap på rundt 20 er involvert, sa Vestre til Sunnmørsposten klokka 16.15. - Tre røykdykklarlag er inne for å finne arnestaden for brannen. Det eine laget jobbar no med å kome opp på loftet, sa Vestre.

Mannskap frå Herøy

Brannvesenet melde også om kraftig røykutvikling før røykdykkarar gjekk inn. Eit mannskap på seks frå Herøy brannstasjon vart utkalla til staden. Også mannskap frå Ålesund brannvesen er utkalla for restverdi-sikring.

Klokka 14.31-tida melde politiet på Twitter at naudetatane rykka ut til brann i ein einebustad i Eiksund i Ulstein kommune.