Tysdag er den gamle skuta på veg ut mot Østersjøen. I fire år har skuta vore gjennom eit omfattande restaureringsarbeid. No er den verna skuta på veg heim att til ishavsbygda Brandal.

– Om fire-fem timar er båten ute i havet, i rom sjø, seier reiar Willy Nesset til Sunnmørsposten litt over klokka 17.

Skipper Johan Veiseth (t.h.) og den polske losen før avgang tysdag. Foto: Willy Nesset

Sjølv er han ikkje med båten men tar fly heim til den store festen, som skal vere på Brandal laurdag.

– Alt om bord fungerer så langt, seier reiaren seks timar etter at båten la frå kai.

Skipper er John Veiseth.

– Det blir kjempefest på Brandal på laurdag, seier Nesset.

I 1998 skulle båten kondemnerast, men på grunn av skuta si unike historie var det ei gruppe entusiastar som gjekk inn for å restaurere båten. På det meste har det vore 60 til 70 mann i sving.