Politiet melder kl 05.25 om eii trafikkulukke på riksveg 70 ved Flatvad i Sunndal. Ein personbil har køyrt av vegen, og naudetatane er på staden. Klokka 06.14 tvitrar politiet at vegen forbi ulukkesstaden er open igjen.

Klokka 00.50 i natt melde ein bilførar til politiet at han hadde køyrt utfor vegen på fylkesveg 235 på Hustad. To unge menn vart sende til legesjekk i samband med ulukka.

Seint måndag kveld vart ein mann i 60-åra sett i drukkenskapsarresten i Kristiansund. Mannen skal ha vorte overstadig rusa etter eit pub-besøk i sentrum.