Og i Brandal venta velkomsten: Folk så langt ein kunne sjå langs kaia, og til sjøs var det fleire båtar ute for å ønske den gamle ishavsskuta velkomen heim, etter at ho har vore til restaurering i fleire år i Polen.

– Dette er alle tiders! Åh, det er så stort, seier Bakke.

Han står på dekk og vinkar til den jublande folkemengda, rørt av velkomsten.

– Her er kjentfolk, og bygdefolk. Og så masse folk! seier Bakke.

Som 16-åring mønstra han om bord på Polarstar som messegut i 1948.

Det var derimot ikkje til ishavet at jomfruturen gjekk for den første selfangstskuta i spesialbygd stål, bygd i Skottland.

– Då var det frosne blåbær, fortel han.

«Polarstar» har blitt brukt til så mangt. Men i 1949 gjekk første turen til Newfoundland på selfangst. Då var Bakke ein av dei 33 om bord. Bakke var med skuta i fire år, under til dels tøffe forhold.

For det var ikkje alltid like stille til havs som det er denne laurdagen i 2017. Ein gong kom dei utføre ein slik storm at dei meir erfarne sjøfolka om bord tok til livbåtane.

– Men eg var ung, og visste ikkje kor farleg det var, minnast Bakke.

– Overvelda eigar

«Polarstar» var i drift under Karlsen-reiarlaget fram til 1998. Og låg an til å bli til spikar.

– Anten så ville ho enda som spikar, eller så låg ho an til å hamne i hendene på nordlendingane, seier Willy Nesset.

Og det siste er visstnok det verste.

Men det enda altså godt til slutt. Willy Nesset, mannen som i 2013 fekk redda Polarstar og frakta skuta til Polen for restaurering, hadde aldri forventa eit slikt oppmøte. Totalt var det over 1300 på kaia i Brandal, ifølgje Vikebladet.

Laurdag er det ein rørt skipseigar som går i land i Brandal.

– Eg er heilt overvelda! Eg grine, me!

– Eg visste jo at nokre spesielt interesserte ville kome, men så mange! Det er heilt uverkeleg, seier Nesset med tårer i auga.

Statsråd, hedeir og ære

Vel framme i Brandal blei skuta ønska velkomen med musikk og talar.

Og talarane stod så godt som i kø for å heidre Willy Nesset og Polarstar: Her var ordførarar, statsråd Sylvi Listhaug, representantar for Riksantikvaren og Ishavsmuseet, og den fungerande polske ambassadøren. For å nemne nokre.

Frå Utanriksdepartementet kom statssekretær Elsbeth Tronstad.

– Vi er stolte av norsk polarhistorie. Alle kjenner til Nansen og Amundsen. Men den kvardagslege polarhistoria er vel så viktig, sa Trondstad, som la vekt på at erfaringa Norge har skaffa seg på polarfart har lagt grunnlaget for at Norge i dag speler ei ledande rolle  innan skipsfart og utvikling på Arktis.