Ordføraren og dei andre gjestane var tydeleg imponert over arbeidet som er gjort.

Ho kunne ha enda opp som spikar, "the grand old lady", etter eit langt liv i tru teneste.

Den aller første ishavsskuta spesialbygd i stål, bygd i Glasgow og sjøsett våren 1948. I mange år var ho i teneste i isen under det legendariske Karlsen-reiarlaget i Brandal.

Skuta blei brukt til selfangst, på ekspedisjonar og som frakteskip. I ni år var ho også i teneste for Sysselmannen på Svalbard.

I 1998 var det slutt, og skuta vart seld.

Tidlegare mannskap med

«Polarstar»  var berga frå opphogging to gonger då Willy Nesset på Hareid, med støtte av lokalt næringsliv, fekk henne i 2008.

I 2013 vart skuta frakta til Polen for restaurering, i nært samarbeid med Riksantikvaren.

Laurdag er ein stor dag for mange. Tidlegare mannskap har teke turen for å bli med siste stykke, frå Fosnavåg til Brandal.

Her er Herman Bakke, som var med på første turen til Newfoundland i 1949.

Og Else Karlsen, som var reiar i mange tiår.

– Det er heilt spesielt, seier Karlsen om dagen i dag.

– Ho er ei svane! seier ho, idet ho får sjå skuta for første gong på mange år.

Føler seg takksam

Willy Nesset, som tok på seg ansvaret med å restaurere båten, ante den gong ikkje kor mykje arbeid det skulle bli.

– Hadde eg visst då kor krevjande det skulle bli er det nesten tvilsamt om eg hadde teke skuta til Polen. No føler eg meg ganske tom, seier han beint fram.

Men også takksam. For støtta frå Riksantikvaren. Og alle gode støttespelarar.

– Eg trur ho aldri har vore i betre stand. Pengane ligg i det ein ikkje kan sjå, seier han.