(Vikebladet): Bakke (85 år i neste veke) er frå Hareid og var berre 16 år då han fekk vere med den flunkande nye selfangstskuta «Polarstar». Først på ein fraktetur hausten 1948, deretter på selfangst ved Newfoundland våren 1949. - Eg hadde hyre som lempar på «Svalbard», ein båt som gjekk på stim, men likte meg ikkje nede i maskinrommet. Under ein tur med rutebåt over Breisundet vart far min sitjande og snakke med Martin Karlsen, og han ora då frampå om eg ikkje kunne få meg jobb om bord i «Polarstar» når ho kom til Brandal, fortel Hermann Bakke.

– Skuta var ei nyvinning

Og slik vart det. Ein månad før Polarstar skulle gå på sin første fraktetur med frosne blåbær gjekk Hermann om bord som messegut.

– Polarstar var fantastisk flott då ho kom frå verftet i Glasgow. Skuta var ei nyvinning. Bygd i stål og med fryseri om bord. Reiarlaget hadde nok ikkje vanskar med å få mannskap. Det var mange som ville vere om bord i Polarstar, minnest Hermann.

Kristoffer Marø, ein legendarisk skipper

Skipper om bord på den første turen var legendariske Kristoffer Marø, busett i Borgund. Det var han, og Martin Karlsen som kontraherte Polarstar ved verftet i Glasgow, og Marø var også medeigar i skuta.

Æresgjest Hermann Bakke blir laurdag ein av æresgjestene om bord i Polarstar. Han var med på jomfruturen til Newfoundland i 1949 som 17-åring. Foto: Anne Gry Eilertsen / Vikebladet

– Kristoffer Marø vart kalla Gamle-Marø og var ein av dei første som dreiv med selfangst. Han var alt då ein legende. Han var ein kjemperessurs med lang røynsle frå selfangst. Gamle-Marø hadde aldri bomturar. Det vart alltid god fangst når han var om bord. Eg var heldig som fekk oppleve han.

Namnet Gamle-Marø fekk han fordi han hadde fire søner som alle dreiv med selfangst. Ein gong var alle fem i Vesterisen samtidig.

Men sjølv om Kristoffer Marø var ein stor ressurs, så hadde han berre eit gammalt tre vekers kurs i navigasjon frå Flø, og det var Sigmund Bøe som stod oppført som skipper på den første Polarstar-turen til Newfoundland.

Gamle-Marø slutta etter nokre år om bord i Polarstar, og då tok Sigmund Bøe over som skipper.

Mannskap på 33

På den første turen til Newfoundland meiner Bakke at det var heile 33 mann om bord. Blant desse var bror hans, Anders, utdanna maskinist, og Eivind Moldenes, utdanna telegrafist.

– Eg trur kanskje det var på denne første turen det var størst mannskap. Dei fann nok ut etter kvart at dei kunne klare seg med færre.

– Under overfarten til Newfoundland var det ein av dagane eit forferdeleg ruskevêr. Eg skulle bere ei stor panne med brennsnut over dekk, til rommet der mannskapet åt. Men midt på dekk måtte eg berre sleppe brennsnutpanna i dørken og halde med fast i rekka for ikkje å bli skylt på havet, fortel han.

Hermann Bakke var om bord i Polarstar i nærare fire år, frå 1949 til ut i 1952. Først som messegut, seinare som fangstmann og matros når ho gjekk i fraktefart.

– Eg var med på både selfangst, ekspedisjonsturar til Grønland og fraktefart. Polarstar frakta mellom anna frosne blåbær frå Oslo til Grimsby, og dreiv med frysefrakt i Østersjøen.

Etter at Bakke slutta om bord i Polarstar var han matros på «Comet». Sidan gjekk han styrmannsskule og segla i utanriks. Dei siste 15 åra var han styrmann på hurtigruta «Ragnvald jarl».

Men det starta på «Polarstar» og laurdag blir han æresgjest om bord.

Og kva han meiner om selfangst?

– Den bør halde fram.

Saka blei først publisert i Vikebladet.