Politiet melder om ei rekkje rusrelaterte hendingar både på Sunnmøre og i Nordfjord natt til søndag.

I Ålesund blei ein mann sett i arresten og blir politimeld, etter å ha krangla og vore aggressiv mot politiet. Politiet i Ålesund melder også om ein rusa gjest som krangla og dytta på vakter i Ålesund sentrum. Han blei vist vekk frå sentrum og vil bli meld til politiet.

Ørsta, Volda og Ørskog

I Ørsta fekk politiet melding om ei rusa kvinne som hadde slått i parkerte bilar. Det skal ikkje ha blitt synlege skader på bilane og kvinna blir heller ikkje politimeld.

I Ørskog fekk politiet melding om ein rusa mann som krangla med vakter på eit arrangement. Han roa seg då politiet kom til staden, men blei vist vekk frå staden.

I Volda blei ei overstadig rusa kvinne køyrd heim frå eit arrangement. Elles blir det meldt om god stemning på staden.

Eid, Måløy og Olden

Like før klokka halv tre blei det meldt om amper stemning på ein utestad på Nordfjordeid. Politiet kom til staden. Ein person fekk tilsyn av helse. Saka blir følgd opp, ifølgje politiet.

Om lag samtidig fekk politiet melding om ein rusa person på eit fortau i Måløy sentrum. Då politiet kom til staden, kvikna mannen til og blei teken hand om av kjende.

På Nordfjordeid er det også meldt om støy og høg musikk frå ein bustad i sentrum. Politiet kom til staden og fekk dempa festen.

I Olden blei det meldt om husbråk. Partane, som hadde drukke ein del alkohol ifølgje politiloggen, hadde roa seg då politiet kom til staden. Dei som var i huset fekk pålegg om å halde seg rolege.