Norled-ferja Ullensvang som fredag segla inn i moloen på Hareid, blir ute av drift i minst ei veke til.

– Rorstammen er bøygd og må til Danmark for reparasjon fordi det ikkje er verkstad til slikt i Norge, seier ferjeansvarleg Inge André Utåker i reiarlaget til smp.no.

Måndag melder selskapet på sine hjemmesider at rute C er ut av drift inntil vidare, og at det er redusert kapasitet i B-ruta.

Årsaka er at Høgsfjord-ferja som er sett inn i B-ruta tek 76 bilar, i staden for 120 som Ullensvang. Utåker seier dei vurderer andre løysingar om det blir problem på sambandet, men at dei har få alternative mulegheiter.

Ikkje stadfesta årsak

Førebels er det for tidleg å seie kva som var årsaka til at ferja hamna i moloen. Ifølgje Vikebladet har det vore spekulert i at styremaskina svikta, men dette er ikkje stadfesta.

– Vi arbeider med ei intern gransking og vil ha mykje på plass i løpet av morgondagen, seier Utåker måndag.

Politiet har konkludert med at det ikkje var promillekøyring og Sjøfartsdirektoratet har vore om bord fleire gonger for å gjere sine undersøkingar.