SISTE: Politiet melder no at mannen er komen til rette, i god behald.

Vest politidistrikt melder ved 15-tida, tysdag at ein mann i 50-åra er sakna frå ein institusjon på Nordfjordeid.

– Mannen vart sist observert i 10-tida, tysdag på Nordfjordeid. Leiteaksjon er på gang og Røde Kors og Norske Redningshunder er varsla, heiter det.

I samråd med familien til mannen har politiet valt å gå ut med følgjande informasjon:

– Han har kvit, stripa t-trøye, er slank, rundt 170 centimeter høg, har gråsprengt hår, snakkar gebrokkent og er lamma i ei arm.

– Vi søker i området Nordfjordeid sentrum, så får vi sjå. Denne mannen kan gå i fjellet også, så dei som er på tur kan vere merksame, seier operasjonsleiar Olaug Holme til smp.no.

Politiet har varsla Hovudredningssentralen, men førebels er ikkje helikopter med i søket.

– Dette er noko vi fortløpande vil vurdere i samråd med innsatsleiar på staden, seier Holme.

Mannen skal ikkje vere til fare for andre.

– Vi ber om at dei som ser han gir beskjed. Mannen vart sist observert i 10-tida, men meldinga til politiet kom i 13-tida.