Dette seier Jakob Helset (80), etter å ha lese om grannane som satsa eit sekssifra beløp, og som brukte mesteparten av fritida si eit heilt år for å opparbeide ein forsvarleg snuplass for skulebussen. Borna sin tryggleik kan ikkje målast i krone eller eigeninnsats, sa paret til Sunnmørsposten måndag.

Kommunen, fylkeskommunen og staten såg seg ikkje råd til å byggje avgjerande snuplass til skulebussen – då tok eit foreldrepar affære Rune og Ingvild bygde veg av eigen lomme – Borna er vår kjæraste verdi. Vi har skuleborn berre ein gong i livet. Difor såg vi oss nøydde til å trygge dei best mogeleg.

Patrioten

– Dette er ord og lesnad som gjer meg verkeleg varm om hjartet, og vel så det! Eg føler at dette paret har gått rett inn i ein stolt tradisjon av bjørkedalingar, kanskje heilt sidan vikingtida: Vi let oss aldri kue. Vi finn løysingar. Vi hjelper kvarandre. Vi stiller opp når det røyner på. Grannar har alltid hjelpt til og passa på.

Jakob Helset slit med å finne nok superlativ til å skildre respekten for paret, som har ytt såpass mykje for å trygge både sine eigne tre born, to granneborn frå motsett side av riksveg 651 gjennom dalen – og framtidige born her. Desse står i køen.

– Vi veit her kjem fleire oppunder dei som går på skule i dag. Trafikkfarleg skuleveg og kamp for å få storsamfunnet til å sjå farane her har lange tradisjonar, stadfestar Jakob Helset.

– Skuleborna våre har gjennom fleire tiår vore dømde til å rusle langs ein sterkt trafikkert og til tider mørklagd veg, utan gangveg eller skuldrer av noko slag.

– No etter at vår eigen private skule til sist måtte leggjast ned, har det vore skyss med buss. Likevel er farane mange, ser vi. Vi har ikkje noko meir dyrebart enn våre eigne emne til framtidige innbyggjarar, insisterer Jakob Helset.

Samarbeid og konflikt

Jakob Helset har sjølv stått fram som den kanskje seigaste representanten for ein både lands- og internasjonalt kjend trebåtbyggjartradisjon. Såleis er åttiåringen naturleg med i arbeidslaget som no også byggjer landets eldste og tøffaste vikingskipskopi – ved sjøen i Eid kommune. Og nettopp Eid kommune har bjørkedalingane historisk sett eit både nært- og eit konfliktfylt forhold til.

– I nyare tid har vi fått løyst ein nær fire hundre år gammal strid om fjellbeite med leivdølingane i Eid kommune.

– No har det faktisk vore teke til orde for å få Bjørkedalen ut av Volda kommune og over til Eid. Dette gjev meg nokså blanda kjensler, medgjev Jakob Helset.

– Fordi at då må også fylkesgrensa flyttast, og fordi eg kjenner meg som ein sunnmøring i mitt grunnvesen.

– Eg har elles snakka med mange trauste honndølar etter at kommunesamanslåinga med Volda vart eit faktum. Mange av dei uttrykkjer både sorg og otte over korleis dette skal bli. Eg kjenner meg sterkt i slekt med honndølane – handverkarar og pålitelege bønder, seier Helset.

Plikta førte til lesing

– Korleis forklarer du at bjørkedalingane står opp mot staten?

– I uminnelege tider hadde vi pliktordning med skyss av embetsfolk over fjellet til Nordfjord. VI fekk nesten ingenting for det, måtte berre stille opp. Bonusen vår må likevel ha vore at vi under desse tøffe turane med hesteskyss kom embetsfolket litt under huda. – Såleis har historikaren Jostein Fet skildra bjørkedalingar mellom dei tidlegast skrive- og lesekyndige i regionen. Dermed har vi ein ekstra stolt tradisjon å bere vidare, meiner Jakob Helset.

– Strålande

Svein Ivar Aarskog i Møre og Romsdal fylke og bussoperatøren Fram, kan ikkje hugse å ha sett ei liknande sak.

–Initiativet på Bjørkedalen er jo strålande. Vi har vore i dialog – og alt har gått etter boka.

– Elevtal og alder kan variere. Men når foreldra har valt denne løysinga, så kan vi ikkje anna enn applaudere, seier han.