– Vi fekk først avslag på søknadane våre om fire utviklingskonsesjonar. Dette har vi klaga på, og ventar framleis på svar, seier Jarle Myking, nestleiar ved Norsk Sjømat AS i Stranda.

Bak planane står Stordal Aquaproduksjon AS, der Norsk Sjømat er medeigar. Styreleiar i Stordal-selskapet, Harald Espeland, har ikkje gjeve opp:

– Eg meiner avslaget var ganske svakt på nokre punkt. Så det er absolutt håp om at direktoratet vil snu. Og blir det eit nytt nei, går vi vidare til departementet, seier Espeland.

KLAGE Harald Espeland, styreleiar i Stordal Aquaproduksjon AS, meiner det var god grunn til å klage på avslaget om utviklingskonsesjonar i Stordal.

For planane står og fell på at dei får konsesjonane dei har søkt om.

– Fiskeridirektoratet sa at vi skulle få svar ved utgangen av august. Ny beskjed no er at vi skal få svar ved utgangen av september, fortel Jarle Myking.

Ventar i spaning

Så no går han og resten av staben på Norsk Sjømat rundt og ventar i spaning.

For store, planlagde investeringar på mange hundre millionar kan gå i vasken.

Norsk Sjømat har vore klar på at investeringane i Stordal ikkje berre skal gje bygda inntil 50 arbeidsplassar, men også vere med på å sikre dei ca. 250 arbeidsplassane ved Norsk Sjømat på Stranda.

For bedrifta treng meir råvarer, regelmessig og til ein overkommeleg pris. Det er difor Norsk Sjømat gjennom Stordal Aquaproduksjon har gått i bresjen for planane som går ut på å bygge eit klekkeri for rogn, eit stort fôringsanlegg i ferskvatn, og eit oppvarma sjøvatnanlegg.

Når smolten er blitt 200–250 gram blir han flytta over til dei største kara. Og når dei er blitt 400 gram, skal dei ut i merdane som ligg i sjøen.

Stordal har ledige lokale, og det er difor meininga å nytte delar av Helland-bygget og naboen Pedrobygget til prosjektet.

I tillegg til Norsk Sjømat, Vekst i Stordal og Helland Eiendom, vil også AquaGen AS, eit avlsselskap som utviklar, framstiller og leverer genetisk materiale til den globale havbruksindustrien, vere med på satsinga i Stordal.

61 søkte

Fiskeridirektoratet opplyser til Sunnmørsposten at det var i alt 61 selskap som søkte om utviklingskonsesjonar.

Så langt har 18 fått avslag, fem er innvilga – medan 39 ventar på svar.