Voldadagen blir laurdag arrangert for første gong, og arrangøren har fått god respons etter at invitasjon blei sendt ut.

– Vi skulle gjerne hatt alle med, men når 60 aktørar har meldt seg på, så er dette bra, seier Stefan Halck, som er dagleg leiar i Volda næringsforum.

Kortreiste varer

Laurdag er det klart for eit tre timar langt arrangement i Propellhallen, der folk kan kome og sjå eit utval av det som rører seg i Volda-samfunnet.

– Det er stor breidde. Vi ønskjer å vise fram mangfaldet i Volda, og vi er glade for at dette mangfaldet responderer og blir med, seier Halck.

Større bedrifter som Brunvoll, Tussa og Volda kommune er blant dei som har meldt seg på, men også fleire små aktørar ønskjer å vise kva dei driv med. Nokre av deltakarane vil selje kortreiste varer.

– Volda har ein stor del offentleg tilsette, men dei fleste jobbar likevel i privat næringsliv, og dette er det viktig å få fram, seier Halck.

Halck er også glad for at studentane blir synlege på arrangementet. Og ikkje minst deltek fleire frivillige organisasjonar, frå fotball, til husflid og sjakk. Nokre av dei vil også stå for små aktivitetar inne i hallen.

Ute vil brannvesen, politi, Røde Kors og amcar-klubben vere med. Og ein set også opp hoppeslott, slik at samlinga også høver for dei minste.

Møteplass

Halck håpar Voldadagen kan bli ein tradisjon og at endå fleire blir med neste år.

– Vi har ikkje funne opp krutet på nytt, men det at det skjer og at ein får denne sjansen, er positivt. Det er ein møteplass der ein får snakke direkte med dei som driv med ulike aktivitetar, seier Halck.

Ante Lundberg er også med i gruppa som arrangerer. Han jobbar i selskapet FireGrader, som har kundar rundt i verda.

– Men folk i Volda spør framleis om kva vi driv med, seier Lundberg.

Og dei som møter opp på Voldadagen vil kunne få svaret.