Han kom buldrande til vallokala i ein kjempestor grøn traktor, 25-åringen Sigurd Saure Bogen. Kledd i knallraud arbeidsbukse og med grøn trøye var det lite tvil i at mjølkebonden med 20 kyr på båsen såg ut som ein veljar av det raudgrøne alternativet.

Senterpartiet nærast

– Stemmer desse gjennomførte fargane med ditt politiske syn?

– He-he, det gjer dei for så vidt. Traktoren er jo grøn kvar dag, men at det vart denne buksa i dag var jo heilt tilfeldig, forsikrar Saure Bogen. Han medgjev at Senterpartiet står hjartet nærast til dagleg.

Stemde taktisk

– Men utan at vi er med og bergar SV over sperregrensa, så er vi jo like langt med omsyn til eit regjeringsskifte. Og det meiner eg absolutt vi må ha. Difor gjekk stemma mi til Sosialistisk Venstreparti denne gongen, utdjupar Sigurd Saure Bogen, og legg til at det får heller våge seg om dette kjem i kategorien taktisk stemmegjeving.

Skrua til miljøprofilen

John Inge Bjøringsøy stemde to hakk hardare miljømessig enn foreldra Johnny og Torill. Foto: Knut Arne Aarset

Ein annan ung bonde kom også til stemmelokala på Bjørke, John Inge Leira Bjøringsøy (29). Og han kom gjennomført grønkledd, felleskjøpgrøn, saman med foreldra Torill og Johnny.

– Du stemmer vel heilgrønt du då..?

– Det stemmer! Eg har gitt røysta mi til Miljøpartiet. Også eg kan like Sp sin politikk, men eg valde å skrue til den reine miljøprofilen eit par gode knepp denne gongen, smiler Bjøringsøy.

Miljøet viktigast

Vallokalet på Bjørke. Foto: Knut Arne Aarset

Han satsar yrkeslivet sitt på ein kombinasjon av musikk og geitehald.

– Miljøet må bergast og sikrast same kva yrke ein driv med. Dette er på tide å spisse no, insisterer Bjøringsøy. Foreldra hans avslører på si side at dei har gitt Senterpariet sitt alibi i utkantbygda, også denne gongen. Bjørke har 100 røysteføre personar, det lågaste nokon gong.

Slik enda valet på Bjørke denne gong: