(Foto: KNUT ARNE AARSET)

Foto: KNUT ARNE AARSET

Totalskadd etter brann

Det var i natt full fyr i eit bustadhus på Vartdal i Ørsta. Huset er totalskadd.

Bustad brann til grunnen:

Brannmannskap gjekk tom for vatn - sto fleire timar og heldt på ein tom brannslange

Ein lokal brannmann stod i fleire timar og heldt på ein tom brannslange på Vartdal.

Ifølgje politiet var ingen av dei to som bur i huset heime då brannen oppstod.  Det vart stadfest av huseigar ein halv time etter at det vart slått alarm.

Iføgje politiet sin operasjonssentral vart det klokka 21.33 onsdag kveld meldt om brann i ein bustad på Vartdal i Ørsta kommune.

Seks minutt seinare var brannbilen på Vartdal framme på staden. Då var det full fyr i huset. Det kom forsterkingar i form av brannbil frå Ørsta og tankbil frå Volda.  Klokka 22.30 fortel Sindre Kongshaug ved 110-sentralen at det ikkje skal vere fare for at brannen skal spreie seg til andre hus.

Først klokka 23:37 hadde brannvesenet kontroll over brannen.

(Foto: knut arne aarset)

Foto: knut arne aarset

– Problem med tilgang på vatn

Ifølgje smp.no sin reporter på staden er det snakk om eit eldre hus, kor det ikkje skal bu folk til vanleg.

– Først akkurat no fekk dei vatn på og har starta sløkking. Det er eit problem med tilgang på vatn i området, fortel journalist Knut Arne Aarset klokka 22.35.

Årsaka til at det starta å brenne er ikkje kjend.

Brannslokking utover natta

Klokka 22.44 ringer Aarset på igjen og fortel at dei framleis ikkje har fått på vatn. Ei eldre løe står tett på huset.

Kongshaug på 110-sentralen stadfestar at det er ein hydrant med lite trykk på, og at dette fører til problem med forsyning av vatn.

Brannvesenet dreiv med etterslokking utover natta. Klokka 04:45 dreiv dei framleis med etterslokking og oppsyn, ifølge politiets operasjonssentral. Branntomta må bli kjølt ned før teknikarar kan kome inn og gjere sine undersøkingar.

Har du tips? Kontakt oss på 95400400@smp.no

Smp.no kjem med meir

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Beitostølen:

Kanonløp av Øvrebust

Martine Lorgen Øvrebust frå Stordal vart nummer 10 på 10 kilometer fri teknikk under sesongopninga på Beitostølen søndag.

Byrjar med mottak av bilvrak

Ørsta-Volda får eit nytt alternativ når det gjeld å levere bilvrak.

Nektet å bli byttet ut

Volding var banens beste og målscorer da Molde slo Rosenborg

Etter en sesong med mye motgang, fikk Martin Ove Roseth (19) endelig noe å juble for.