Illustrasjonsfoto av Tresfjordbrua.
            (Foto: Staale Wattø)

Illustrasjonsfoto av Tresfjordbrua.Foto: Staale Wattø

Trafikkuhell ved Tresfjordbrua

MC-velt i rundkøyringa ved Tresfjordbrua.

Møre og Romsdal 110-sentral melder klokka 21 at det har vore eit trafikkuhell ved Tresfjordbrua i Vestnes kommune.

Lokalt brannmannskap har rykka ut.

– Det var ambulansepersonell som melde ifrå om uhellet til oss. Det er to motorsyklar som har velta. Lite, eller ingen personskade, etter det eg forstod, seier Ryan Morrison ved 110-sentralen.

Morrison fortel at det er veldig glatt på staden. Ulykka skal ha skjedd i rundkøyringa ved Tresfjordbrua på E136.

– Vegtrafikksentralen sender ein entreprenør for å sjekke forholda, seier Morrison.

Det blir truleg sett opp eit skilt som varslar glatt vegbane.

Det har vore fleire MC-ulykker i rundkøyringa ved Tresfjordbrua. Mellom anna har vegen blitt frest for å skape meir friksjon.

LES OGSÅ: MC-ulykke ved Tresfjordbrua

Smp.no kjem med meir.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå