(Foto: Terje Engås)

Foto: Terje Engås

Vil ha fengsel i to år og fire månader i narkosak

Fengsel i to år og fire månader. Det var aktor Arne Roti sin påstand då rettssaka mot ein mann i 50-åra vart avslutta i Søre Sunnmøre tingrett onsdag.

Mannen, som er busett i Volda, stod tiltalt for å ha kjøpt ca. 1,3 kilo amfetamin og ein liter GHB.

Politiet meiner også at han skal ha seld delar av dette vidare.

Mannen nekta derimot for sal, og tilstod berre kjøp av ca. 300 gram amfetamin, hovudsakleg til eige bruk.

På bakgrunn av dette meinte mannen sin forsvarar, advokat Erling Flisnes, at aktor si påstand var altfor streng.

Mannen sat varetektsfengsla i nesten fem månader, og Flisnes meinte at straffa difor måtte reknast som sona.

Dom fell seinare i månaden.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Tarjei Bø vil gå alle distanser i OL

Tarjei Bø har lagt de siste sykdomsproblemene bak seg, og mener at han skal være i fullt slag til verdenscupstarten i Östersund.