Fredag 15. og laurdag 16. september vil det køyre A- og B-ferje etter den normale sommartabellen. Søndag 17. september vil sambandet køyre etter sommartabellen med både A- og B-ferje mellom klokka 11 og 17, og berre A-ferja utanfor denne perioden.

Fredag 22., laurdag 23. og søndag 24. september vil det også køyre både A- og B-ferje på sambandet etter den normale sommartabellen, men med noko lågare kapasitet på B-ferja denne helga, melder fylkeskommunen.