Partiet fekk i overkant av 31.000 stemmer i fylket. Nærare 1.550 veljarar strauk førstekandidat Else-May Botten frå lista, viser ein oversikt frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er knapt fem prosent av veljarane.

Og sjølv om både Høgre og Frp fekk fleire stemmer i fylket, var det Arbeidarpartiet som fekk flest strykingar. Fredric Holen Bjørdal (Ap) frå Sunnmøre vart stroken nærare 650 gonger.

Øvst på Høgre si liste vart Helge Orten stroken av 700 veljarar. Førstekandidat Sylvi Listhaug (Frp) fekk 525 stryk.

Stortingsplassen eller rekkefølgja på lista var ikkje trua for nokon. Kandidatane må ha over 50 prosent stryk for at det skal slå ut. Men strykingane kan vere eit signal om kva veljarane meiner.

Sjukehus på Nordmøre

– Arbeidarpartiet har vore belasta med sjukehussaka over lang tid, seier Botten og viser til sjukehusstriden på Nordmøre og Romsdal, der Arbeidarpartiet har forsvart nytt sjukehus på Hjelset ved Molde.

– I Kristiansund har Asbjørn Jordahl i lesarinnlegg oppfordra til å stryke meg, men med ei utydeleg grunngjeving om kvifor, seier Botten, og reknar med at det dermed er nokre nordmøringar som har kryssa henne ut.

– Det har også vore stort engasjement rundt Møreaksen versus Romsdalsaksen, seier Botten. Her har Arbeidarpartiet forsvart Møreaksen.

Har stått i front

– Eg har vore den som har forsvart det, noko som ikkje har falle i god jord overalt i Romsdal og på Nordmøre, seier Botten.

– Eg er også glad for at det er 645 som har gitt meg eit pluss-kryss. Eg vil nytte anledninga til å takke alle som har stemt på Arbeidarpartiet. Vi er eit stort parti framleis og skal bygge oss opp igjen til nye val.

Botten legg til at det ikkje er noko triveleg å bli stroken frå vallista.

– Men eg går med heva hovud og er ved godt mot. Dette er ikkje dramatisk, seier Else-May Botten.