Måndag 25. september startar arbeidet med å sette opp nytt rekkverk ved Møllsvingen i Ørnevegen på fylkesveg 63 mellom Geiranger og Eidsdal, melder Statens vegvesen.

- Det blir arbeid frå måndag til fredag frå klokka 07-16 frå veke 39 til 43. Eitt køyrefelt blir stengt så trafikantane må ta omsyn til kvarandre, heiter det.