Det sa ein 21-åring, busett på søre Sunnmøre, då rettssaka mot han tok til onsdag i Søre Sunnmøre tingrett i Volda.

Her fekk retten høyre at Eid kyrkje på Nordfjordeid vart påført store skadar for over ein million kroner natt til 24. november i fjor.

I tillegg til at eit vindauge vart knust og eit brannsløkkingsapparat vart tømt inne i kyrkja, så vart det også gjort store skadar på det nyrenoverte orgelet.

– Det med orgelet var eit uhell. Det var ikkje meininga å skade det. Eg var rusa og ramla over orgelet slik at det vart skadd, sa 21-åringen.

Han la til at han beklagar det som har skjedd, og at det ikkje er noko han er stolt av.