SpareBank 1 Søre Sunnmøre har gjennomført ein emisjon av eigenkapitalbevis på 100 mill. kroner. Styret har i dag vedteke den endelege tildelinga av eigenkapitalbevis.

- Å få inn ekstern eigenkapital i tillegg til banken sitt opparbeida Sparebankfond, er ei ny fase i banken. Styrka eigenkapital gir eit godt grunnlag for at banken kan vekse og oppretthalde ein god aktivitet i lokalområdet, seier administrerande direktør Stig Brautaset.

Overteikna

Banken hadde ei garantert minsteteikning på kr. 50 mill., men hadde ambisjon om å oppnå teikningar på til saman kr. 100 mill. Teikningsperioden var frå 4. til 18. september 2017.

- Det har vore ei svært god interesse for å teikne. Dei siste dagane av teikningsperioda var det eit skikkeleg trykk. Oppteljinga viser ei samla teikning på godt over kr. 140 mill., som betyr ei overteikning på over 40 prosent. Responsen har vore fantastisk, og vi er svært nøgde både med beløpet som vart teikna og det store talet på personar/bedrifter som har teikna, seier administrerande direktør Stig Brautaset.

Populært

Det har vore hektisk aktivitet og over 365 privatpersoner og bedrifter har teikna eigenkapitalbevis i banken. Vi er overvelda av responsen og er tilfreds med den gode spreiinga på mange lokale interessentar som viser interesse for SpareBank 1 Søre Sunnmøre og ser desse eigenkapitalbevisa som ei god og trygg investering, seier Brautaset og held fram med at den solide forankringa i lokalmarknaden betyr mykje for banken si vidare satsing.

- Kven som har teikna eigenkapitalbevis kan vi dessverre ikkje gå ut med i dag. Dette må vi få kome tilbake til, seier Brautaset.

Gjennomføring

I løpet av september vert tildelinga gjennomført og registrert. Melding om tildeling til dei nye eigarane av eigenkapitalbevisa vert sendt i dag. Lista over dei største aksjonærane vert lagt ut på banken sine heimesider 29.september.