(morenytt.no)– Det gjeld å vere nyskapande og å vere på hogget for å gjere Ørsta endå meir attraktiv, seier Sundgot.

Ideen hans handlar om å få etablert eit 25 x 12,5 meter stort symjebasseng, fylt med oppvarma sjøvatn, som held ein temperatur på 26 grader. Sundgot ser føre seg eit heilårsbasseng som vert plassert i sjøen nær området Amfi. Djupna på bassenget som er skissert er 1,6 meter, og bassenget er såleis svært barnevenleg. Og så vil bassenget tole uver: Det er dimensjonert for å tole full storm.

– Prisen på det konseptet er 12,5 millionar. Dette er berre for symjebassenget. I tillegg kan ein kople til anlegget med ein modul som inneheld dusjar og garderobar. Ja, ein kan også få levert eit konsept med ein restaurant. Tenk å sitje med god mat og drikke på sjøen i Ørsta, med eit skikkeleg utebasseng like ved, seier Rolf Magnus Sundgot entusiastisk.

Han strekar under at ideen om utandørsbasseng på ingen måte er spikra, og at den ikkje har vore innom det politiske systemet.

Trivsel

– Men eg meiner at det vil kunne bety mykje for trivselen både til innbyggjarane i Ørsta og folk som kjem på besøk, å få tilgang til eit skikkeleg badeanlegg. Vi manglar jo det i dag, og det kan gå lang tid før eit nytt badeanlegg vert etablert i tilknyting til fleirbrukshallen. Eg er overtydd om at både Hotell Ivar Aasen, Amfi-senteret og nye leilegheiter på Mørebil-tomta vil kunne vinne mykje på eit utandørs badeanlegg midt i smørauget i Ørsta sentrum, seier Sundgot.

Oppvarminga av bassenget ser han føre seg gjennom at det vert levert fjernvarme frå t.d. Eldhuset eller meieriet gjennom overskotsvarme.

Han meiner det kan vere fleire modellar for finansiering, anten at kommunen og private går saman, eller at private investorar tek heile prosjektet. Sundgot har håp om at hotelleigar Per Sævik kan finne interesse i prosjektet.

– Det konseptet eg legg fram er allereie førehandsgodkjent av departementet for 33 prosent tilskot gjennom spelemidlar, fortel Sundgot. Det skal også leggast betre til rette for leik og aktivitetar i Hamneparken. – Får ein eit utandørsbasseng i tillegg, vil det kunne verte eit svært attraktivt område for mange, spår han.

Denne saka vart først publisert på morenytt.no