Dette seier sjefen for Stryvo Group med hovudkontor i Stryn, Jostein Bøe. Han er ein av hundre personar som torsdag ettermiddag vitja industrihallen på Fiskå i Vanylven. Der vart bølgekraftplanane breitt presenterte av aktørane.

Seinare i ettermiddag kjem kong Harald til Fosnavåg for å markere opninga av Wawes4Power sitt bølgekraftverk ved Runde.

Skryteliste på engelsk

Ordførar Lena Landsverk ønskte delegatene velkomne på engelsk til kommunen - med ei skryteliste like lang som hallen på Fiskåholmen.

Sterk Stryne-bedrift

Ein sentral person i nysatsinga på bølgekraftverk lokalt, er altså Jostein Bøe i Stryvo. Dei har hovudkontor i Stryn, og har ekspandert frå to til åtti tilsette på under to tiår.

- Lokala her vil vere midt i blinken, dersom det kjem til full produksjon av kraftbøyer, seier Bøe til smp.no.

Kan bli plastbøyer

- I første omgang vil vi utvikle prototypar ved våre lokale i Stryn. Mellom kan bøyer av plast, i staden for stål, verte høgaktuelt.

- Når det er klart for serieproduksjon, vil dette skje her på Fiskå. Vi har alt leigt lokala her, opplyser Bøe.