Naudetatane er på veg til ein brann i ein kompressor på Sjøholt.

Kompressoren er knytta til ein stor dieseltank, og skal ifølge politiet stå 30-50 meter frå bustadhus ved Sjøholt i Ørskog kommune.

- Er det fare for eksplosjon?

- Det veit vi ikkje. Brannvesenet er på veg, sa operasjonsleiar Per Åge Ferstad ved Møre og Romsdal politidistrikt til Sunnmørsposten like etter klokka 18.00 torsdag.

Politiet meldte først om hendinga på twitter klokka 18.00.

Like etter opplyser politiet at brannmannskap har "slått ned" flammane og at dei held fram med etterslokking.

Det skal ikkje vere fare for spreiing, ifølge politiet.