Ein person vart sendt til sjukehuset i Ålesund for sjekk etter ei trafikkulykke ved Svorta i Skodje kommune seint torsdag kveld.

- Ein bil køyrde av vegen. Det var ein person i bilen og vedkomande er sendt til sjukehus for sjekk. Vi veit ikkje noko om tilstanden, seier operasjonsleiar Jens Dahl til Sunnnmørsposten.

Ulykka vart meldt til politiet klokka 22.30 torsdag.