Ferja har vore ute tre veker etter at den krasja i moloen på Hareid. Etter at delane omsider kom på plass til Myklebust-verftet i Sande, har sjølve reparasjonen gått raskt unna.

– Det siste døgnet har ting skjedd raskt og det har i første rekke dreia seg om å sette saman delar. Etter planen skal den dokkes ut i dag, og vi har eit håp om å få den i drift laurdag eller søndag, seier regionsjef Inge André Utåker i Norled til Sunnmørsposten fredag ettermiddag.

Den bøygde rorstammen blei først sendt til reparasjon i Danmark, men var ikkje mogleg å rette opp. Difor måtte det lagast ein ny – som attpåtil blei forsinka på vegen.

Skal på prøvetur

Sjøfartsdirektoratet var om bord i ferja etter ulukka og resultatet blei at reiarlaget fekk fleire pålegg som måtte utbetrast.

– Vi skal vere med på prøvetur for å sjå at utbetringane er utført, fortel pressekontakt Kari Stautland i Sjøfartsdirektoratet til Sunnmørsposten.

Om direktoratet sine folk finn at alt er i orden – vil ferja vere klar til å segle.

Nysgjerrig på om ferja er ute av dokka? Sjekk AIS-sporinga her (ekstern lenke)

(saka held fram under)

Nytt rekordår for Sølvtrans: Døyper brønnbåt og gir vekk éin million

Ifølgje Utåker i Norled er alle pålegga frå direktoratet knytt til samanstøyten på Hareid 1. september:  – Til dømes kom det pålegg om å reparere ror og propell, også skal dette testast i ettertid, seier han.

Ulukka blir ikkje rekna som tilstrekkelig alvorleg til at Statens Havarikommisjon for Transport vil undersøke den.

Skipperen blei distrahert

No meiner også reiarlaget at dei kan slå fast at årsaka til ulukka skuldast menneskeleg svikt på brua. Kort fortalt blei skipperen distrahert av ein teknisk feil som førte til at fartøyet kom ut av kurs.

– Det var snakk om ein mindre alvorleg feil, som ikkje har oppstått før eller sidan. Men denne fekk for stor merksemd hos navigatøren og gjorde at vedkomande ikkje hadde stor nok fokus på det å navigere sikkert, seier Utåker.

Politiet har tidlegare konkludert med at det ikkje var snakk om promillekøyring.

(saka held fram under)

– Passasjerane har vist tålmod

I vekene Ullensvang har vore ute av drift, har reiarlaget sett inn den mindre ferja Ølen som ferje nummer tre på det høgt trafikkerte ferjesambandet. Til saman har det gitt om lag same kapasitet som dei to hovudferjene – Tidefjord og Ullensvang.

– Korleis har tilbakemeldingane frå passasjerane vore?

– Vi har fått litt kjeft, men ikkje meir enn vi fortenar. Det store bildet er at folk har vore tålmodige og det sett vi stor pris på. Tidlegare har vi fått ein skur av negativ kritikk, men dei som jobbar på sambandet fortel at folk denne gongen har vist meir forståing. Samstundes har dei praktiske konsekvensane vore mindre enn frykta, seier Utåker.

Mykje trafikk

Statistikk frå Møre og Romsdal fylkeskommune viser at sambandet i år transporterte drygt 800.000 bilar over Sulafjorden til og med august.  Berre riksvegsambandet Molde-Vestnes har høgare trafikk i fylket.

I same tidsrom blei det registrert kring 5.200 attståande bilar. Det utgjer kring 0,9 prosent og plasserer sambandet på ein sjuandeplass i fylket over andelen bilar som ikkje har fått kome med ferja.