– Dette er eit stort løft for klubben og spesielt i dagen situasjon der vi opplever ein betydeleg reduksjon i sponsorinntekter. Men klubben meiner at hall er heilt nødvendig, sidan fotball er blitt ein heilårsidrett, skriv idrettslaget i ei pressemelding.

Namnet på hallen blir «Fiskarhallen», og er ein heider til alle fiskarar og fartøy i Herøy.

Klubben har ei målsetting om å starte bygginga i oktober, og at han står ferdig i april.

Hallpengane kjem mellom anna frå Sparebanken Møre og lokale fiskebåtreiarar.

Bergsøy IL Fotball vil etter at hallen stå ferdig i tillegg ha to kunstgrasbaner, klubbhus og overbygd tribune. Totalt er det investert for ca. 50 millionar.