– Eg har ingen kommentar, seier fiskeskipperen, få dagar før rettssaka i Sunnmøre tingrett.

– Eg har ikkje vore borti noko sånt før, og vil ikkje kommentere saka i forkant, seier han.

Politimeisteren i Møre og Romsdal har sikta fiskeskipperen for å ha tatt 33,2 prosent bifangst av torsk og hyse. Mellom 1. januar og 31. mai går grensa på 30 prosent, han altså tre prosentpoeng meir bifangst enn det som er tillate.

Skipperen er også mistenkt for å ikkje sende inn korrekt melding om dagens fangst, slik han er pålagt å gjere kvar dag før midnatt.

Politiet meiner rett straff er ei bot på kr 25.000, eller fengsel i 50 dagar. Fordi saka går til retten, aukar bota til 30.000 kroner eller fengsel i 60 dagar, og sakskostnader kjem i tillegg.

Rettssaka i Sunnmøre tingrett varer etter planen to dagar.