Det var måndag at Fylkesutvalet tilsette Gunn Randi Seime (44) som assisterande fylkesrådmann. Ho har solid erfaring frå offentleg sektor, mellom anna frå stillinga som økonomisjef i fylkeskommunen, heiter det i ei pressemelding.

– Eg er stolt og glad for den tilliten fylkesutvalet no har gitt meg. For nokon med min bakrunn er stillinga som assisterande fylkesrådmann, ei av dei mest utfordrande stillingane i Møre og Romsdal. Eg er svært tilfreds med å få denne stillinga. Eg ser at dette vil vere ei krevjande stilling i åra som kjem, men det er ei oppgåve eg gler meg til å ta fatt på, seier Seime.