RETTSSAK Frå venstre aktor, politiadvokat Ynge Skovly og forsvarar Morten Johan Bjønnes. FOTO: JOACHIM ÅSEBØ/MØRE-NYTT

RETTSSAK Frå venstre aktor, politiadvokat Ynge Skovly og forsvarar Morten Johan Bjønnes. FOTO: JOACHIM ÅSEBØ/MØRE-NYTT

Kjøpte narko og truga Nav-tilsett

Ein mann i Volda er dømd til fengsel i eitt år og ni månader for fleire alvorlege lovbrot.

Mellom anna omfattar dommen oppbevaring av nesten tre kilo amfetamin, vald, og drapstruslar mot ein Nav-tilsett.

37-åringen forklarte i Søre Sunnmøre tingrett at han brukar om lag 100 gram amfetamin i månaden.

Ved eitt tilfelle selde han litt amfetamin, men sa det var for å skaffe seg pengar til mat.

Når det gjeld drapstruslane mot ein Nav-tilsett, forklarte mannen at han følte seg urettferdig behandla hos Nav, men at han ikkje hadde tenkt å gjennomføre trusselen.

Han vedgjekk også å ha stole ei lommebok i ein daglegvarebutikk. I den lommeboka låg det eit kredittkort som han tømde for 19.800 kroner.

Aktor, politiadvokat Yngve Skovly, la ned påstand om fengsel i to år. Men retten peikar på at delar av amfetaminet hadde låg prosentgrad, samt at nokre av forholda er blitt liggande så lenge at det er eit klart brot på både på grunnlova og på den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Straffa vart difor fengsel i eitt år og ni månader.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Kystreiarlaga og Ekornes samde om at dei som lagar varene bør få økonomiske gulrøter:

– Endringa frå land- til sjøtransport skjer for sakte