Det meiner Merete Løvoll Rønneberg i Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv.

– Det er lett å trekkje fram Geiranger som symbol på masseturisme, med store folkemengder, trafikkaos og blårøyk frå cruiseskip. Det er eit delvis rett bilde, om ein tenkjer Geiranger sentrum, Flydalsjuvet, Ørnesvingen og vegen inn og ut av Geiranger. Men Geiranger er mykje meir enn dette, meiner Rønneberg, ein av innleiarane på eit seminar om urøyvd natur under Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda tysdag.

FORSKINGSDAGER Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad delte tankar om utfordringa i Geiranger, medan naturguidestudentane Benedikte Pettersen (t.v.) og Carl Werner Röper (t.h.) snakka om turisme som øydelegg for naturopplevingar i Lofoten. Foto: Anne-Mari Tomasgard

Kjøpt ut av staten

Gardane Westerås og Skageflå blir av mange oppfatta som urøyvd natur.

– Dette er heller ikkje urøyvd landskap, men mange av gjestene opplever desse plassane som urøyvd natur. Og dei har andre preferansar enn det eg har, sa Rønneberg som sjølv kan oppleve urøyvde naturperleg berre 3–400 høgdemeter frå Geiranger.

Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad ser også at store turistmassar øydelegg opplevingane, men som politikar er han oppteken av også å sikre folk i området noko å leve av.

Han var nyleg i eit verdsarvområde i Alaska. Der møtte dei etterkomarar etter jaktfolk og bønder som på 70-talet blei kjøpt ut fordi USA skulle bruke område som reservat.

– Folk måtte reise frå hus og heim til fordel for villmark. Slik utvikling ønskjer ikkje eg her, sa Tryggestad og la til at det er mogleg å regulere gjennom lovverket.

Han tok også opp trenden med naturglade skikøyrarar som søkjer løyve til å bli frakta til topps med helikopter.

– Det er nok kjempebra for den det gjeld, men eg er mot å gi løyve til slik fyking midt i hekketida til fugl. Vi blir hengt ut for å vere vanskelege, men slik aktivitet er mangel på respekt for naturen, meiner han.

Seminaret, som held fram tysdag, ser på urøyvd natur frå ulike synsvinklar. Stadig færre område blir definert som urøyvd natur i Norge, meir enn fem kilometer frå tekniske installasjonar. Samtidig ser ein at trenden med opplevingsbasert reiseliv skyt fart.

– Største etterspurnaden handlar om økoturisme, og gjestene er meir verdiorientert enn det vi har tenkt om denne gruppa før, sa førsteamanuensis Helga S. Løvoll som har fagleg ansvar for seminaret.

Lofoten

Studentar ved naturguidestudiet kjem frå ulike stader i landet, og frå utlandet. To av dei som delte erfaring hadde eksempel frå Lofoten, eitt anna område i Norge som har fått merke følgjene av auka tilstrøyming av turistar.

– For tre år sidan sende ein kompis eit bilde frå ein plass i Lofoten, men han ville ikkje seie kvar plassen låg, for det var ein hemmeleg plass i surfemiljøet. I sommar var det 50 telt på stranda i Kvalvika og minst like mange som skulle på do der, fortalde Benedikte Pettersen.

– Turistane øydelegg naturopplevinga for oss lokale, sa Carl Werner Röper som har opplevd å ikkje kome seg heim fordi det var fullt av bilar. Han meiner det i Lofoten er lett å stenge vegen inn, for å regulere mengda av bilar i området.

Reinheimen og Pyttegga gir fråvær av stress og støy for Martin Hauge Nilsen. Men heller ikkje der er det heilt urøyvd:

– Over her susar fly frå New York til Dubai med 800 personar. Det er store kontrastar.

Ein annan student trekte fram ein badeplass som før var ei naturperle for henne, men no er tilrettelagt med veg, stupetårn og ekstra sand. Andre synet det enno er ei naturperle, men ho synest det er synd at det trengst vegar og benkar for å få folk ut i naturen.

Tilrettelegging med steinlagd sti gjer at fleire får oppleve Storseterfossen i Geiranger. Fossen er også sikra, slik av urøynde folk kan ferdast trygt. Arkivfoto: Anne-Mari Tomasgard Foto: Anne-Mari Tomasgard