(Fjordingen) Fjordingen har sett søkelys på denne saka gjennom både filmreportasje og ei rekkje artiklar. Eit dykk i eige avisarkiv viser at Hornindal kommune sjølv tok til orde for å dumpe bilvrak i Hornindalsvatnet.

– Men det er spesielt å sjå omfanget. Det er og spesielt å lese at kommunen sjølv vurderte dumping av bilvrak i vatnet som ei god løysing. Det er nesten så ein ikkje kan tru det er sant. Verda har heldigvis gått framover, seier Lødemel.

Hornindal kommune har no søkt om midlar til å gjere diverse prøver av vatnet.

Saka blei først publisert på Fjordingen.no

Ordførar Stig Olav Lødemel (H) i Hornindal. Foto: Arkivrfoto