Statens vegvesen bygger kaia på oppdrag frå Møre og Romsdalfylkeskommune, og Christie & Opsahl AS er valt somhovudentreprenør, melder vegvesenet i ei pressemelding.

Flyttar ferjekø og fjernar parkering

Entreprenøren startar sprengingsarbeidet ved dagens parkeringsplass i veke 40, altså veka frå 2. oktober.

Sprenginga vil bli utført mellom ferjeavgangane. Ferjene vil gå somvanleg, medan køa blir flytta og startar før svingen.

Det blir sett opp trafikklys, der ein må vente på grønt lys før ein kan køyre om bord.

Flyttar køa Køa blir flytta. Foto: Arkivfoto

Parkeringsplassane som nyttast av pendlarar blir fjerna. Det blir laga mellombels parkeringsplassar utanfor Sulesundkiosken.

Illustrasjon over korleis den nye køoppstillinga blir. Foto: Statens vegvesen

Vegvesenet oppmodar trafikantar om å vise omsyn til anleggsarbeid og kryssande anleggstrafikk.

Difor skal det byggast ny kai

– Den gamle kaia har berre få år igjeni full drift, og frå 1. januar 2019 skal det settas inn tre nyeelektriske ferjer på sambandet. Ei ny kai som er tilrettelagt forelektriske ferjer må difor vere på plass før 1. januar 2019, skriv vegvesenet.