Ein mann busett i Volda er dømd til fengsel på vilkår og må dessutan betale erstatning etter skadeverk i Eid kyrkje i fjor haust, då han tømde brannsløkkingsapparat og øydela orgelet.

21-åringen vart funnen skuldig i både skadeverk og andre lovbrot, som innbrot, vald – og medisintjuveri på sjukehuset.

Han får også trekke frå dei 189 dagane han sat i varetekt.

Retten dømde vidare mannen til å betale 100.000 kroner i erstatning til Eid kyrkjelege fellesråd, og 683.798 kroner til Knif Trygghet Forsikring. Kravet frå forsikringsselskapet var 342.000 kroner høgare.

Tiltale: Ungdom får millionkrav etter å ha øydelagt kyrkjeorgel